Helseministeren: – Snørrete barn kan ikkje gå Halloween
Barn som er sjuke, må halda seg heime også på Halloween, understrekar helseminister Ingvild Kjerkol (Ap).
– Snørrete ungar kan dessverre ikkje gå Halloween. Ein må halda seg heime når ein er sjuk, seier helseministeren til NRK før det som er eitt av høgdepunkta i året for mange barn.
– Halloween har nok kome for å bli, og det går an å gjera det trygt og fornuftig, og det håpar eg alle gjer i helga, legg ho til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjerkol held torsdag den første koronapressekonferansen sin, saman med assisterande helsedirektør Espen Nakstad og direktør i FHI Camilla Stoltenberg.
Onsdag sa Kjerkol til NTB at det ikkje er aktuelt med nasjonale tiltak no som rammar heile befolkninga, men at det kan bli aktuelt seinare.