Hels på styret i Os AUF
Måndag vart det skapt politisk historie på Peppes, då Os AUF hadde stiftingsmøte.
Gratulasjonane strøymer inn på Facebook-sida til det nystifta ungdomspartiet til Arbeidarpartiet. Sandra Austgulen har gått i bresjen for stiftinga, og uttalte på førehand at ho ikkje hadde som mål å ta makta sjølv. Men på møtet måndag vart ho likevel valt som leiar. Sigbjørn Haukeland er nestleiar, og med seg i styret har dei Idun Fjeld, Jøran Haukeland, Sondre Benjaminsen, Vegard Boge og Robin Austgulen.
Første styremøte for Os AUF er rett kring hjørnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me satsar på å få til eit styremøte på måndag. Me må ha ei samling før folk tek ferie, seier Austgulen.