Jon Øyvind Tøsdal vann førstepremien i årets julekalender, eit årsabonnement på Os & Fusaposten.
Jon Øyvind Tøsdal vann førstepremien i årets julekalender, eit årsabonnement på Os & Fusaposten.

Heldiggrisen var heldig igjen

Jon Øyvind Tøsdal er trekt ut som den heldige vinnaren i årets julekalender. Osingen vann også dagspremie i fjorårets kalender, men det er ikkje berre i Os & Fusaposten sine konkurransar at osingen har flaks.

Førstepremien i årets kalender er eit årsabonnement på Os & Fusaposten.

- Det er midt i blinken. Eg har vore mykje hos foreldra og søstrene mine og lese avisa der. Eg lurar på om eg var abonnent i ein periode for ei stund sidan, men eg er ikkje heilt sikker. Uansett, denne gevinsten passar utmerka, seier Tøsdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vann James Bond-tur

I fjorårets kalender, «Julemasko», vann Tøsdal ein melkesjokolade og eit flaxlodd.

- Blei det noko gevinst på flaxloddet?

- Nei, det blei nok ikkje det, seier Tøsdal.

På spørsmål om han har vunne andre konkurransar, kjem det fram at det ikkje er første gong han er konkurransevinnar.

- Eg har vunne nokre mobiltelefonar og ein del konsertbillettar, men det er nokre år sidan no. Den største premien eg har vunne, vann eg tidlegare i år. Det var ein James Bond-tur til London for to, i regi av Platekompaniet. Konkurransen var i samband med den nye James Bond-filmen, Spectre. Eg tok med meg sambuaren min, og vi fekk ei opplevingstur der vi mellom anna blei vist kring på ulike Bond-locationar i London, og vi var på ein speedbåt-tur på Themsen. Vi fekk tre netter på eit 5-stjerners hotell, seier Tøsdal.

Vann 30 kroner på flaxkalenderen

I år deltok Tøsdal i Os & Fusapostens julekalender, og vann. Han deltok også i Norwegian sin julekalender.

- Det blei ikkje noko gevinst på Norwegian, men eg vann 30 kroner på flaxloddkalenderen min, seier Tøsdal og smiler.

To vinnarar til

I tillegg til Tøsdal, er det trekt ut to vinnarar til.

Artikkelen held fram under annonsen.

2. premien, som er eit halvtårsabonnement, går til Geir Hjertholm. 3. premien, ti flaxlodd, går til Reidun Kristin Hauge. Os & Fusaposten gratulerer!