Ordførar Terje Søviknes (Frp) ser ikkje nokon grunn til at Vinmonopolet skal halda stengt på valdagen, 14. september, når lova er endra.
Ordførar Terje Søviknes (Frp) ser ikkje nokon grunn til at Vinmonopolet skal halda stengt på valdagen, 14. september, når lova er endra.

Held ope på valdagen

Ei lovendring gjer at Vinmonopolet får halda ope på valdagen, 14. september. Daglegvarebutikkane har òg høve til å selja øl.

I desember i fjor vedtok Stortinget at polutsala skulle få lov til å halda ope på valdagen.

På Vinmonopolets nettsider står det at det er opp til kommunane sjølve om ein tillett alkoholsal på valdagen. Per 1. september har 76, av dei i alt 302 utsala sagt ja, vi held ope. 72 utsal har stengt kvar måndag, medan 47, deriblant Askøy, Stord og Odda, har sagt at dei held stengt på valdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå Os ventar ein ifølgje oversikta til Vinmonpolet framleis på svar, men ordførar Terje Søviknes (Frp) ser ingen grunn til å seia nei.

- Saka har ikkje vore handsama politisk, men då eg fekk førespurnaden frå Vinmonopolet i sommar, tenkte eg som så at i og med at lova no er endra, så er det ingen grunn til å seia nei.

Dermed kan daglegvarebutikkane i Os selja alkohol 14. september også.

- Dersom vi skulle sagt nei, måtte vi ha fatta eit vedtak som seier nei. Det er ingen formannskapsmøte før valet, påpeikar Søviknes.

Nordmenn har i lang tid hatt høve til å kjøpa alkohol på utestader og restauranter på valdagen. Søviknes meiner difor at stengte polutsal er ei overlevning frå tidlegare tider, og ei symbolsak, snarare enn ei prinsippsak.

- Eg ser ikkje heilt den prinsipielle skilnaden på å kjøpa alkohol på butikken eller polet, og på å ta seg ein øl på ein restaurant, seier han.

Vil avgrensa tilgangen

Ordføraren peikar på at dei som ønskjer å rusa seg på valdagen, får fatt i alkohol, uavhengig av om polet er ope eller ikkje. Dessutan nyttar stadg fleire seg av tilbodet om å førehandssrøysta.

- Lovverket er slik at dersom ein ikkje opptrer overstadig rusa eller er til sjenanse for andre i vallokalet, så får ein lov til å røysta. Det tyder ikkje at eg oppmodar folk til å drikka på valdagen, snarare tvert om. Å røysta er ei viktig handling, understrekar Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jakob Enerhaug er Kristeleg Folkepartis ordførarkandidat i Os. Han fortel at partiet er meir uroa over auka tilgang på alkohol i resten av året, enn på valdagen spesielt.

- KrF har fokus på det som skjer resten av året. Vi meiner det er ein viktig debatt, spesielt i lys av at regjeringa har sett av store summar til tiltak knytt til rusførebygging, seier Enerhaug og legg til:

- KrF ønskjer til dømes å unngå at det vert opna for sal av alkohol på raude dagar.