Held framleis småbåthamner og bubilparkeringar stengde
Hytteforbodet er oppheva, men båtfolket og bubileigarar lyt venta med overnattingar
– Gjestehamnene er framleis stengde for overnatting for tilreisande frå andre kommunar. Servicebygget i Os hamn er òg stengt, opplyser kommunen på sine heimesider.
Bubilparkeringar og campingplassar i Bjørnafjorden kommune er også framleis stengde for overnatting.
Artikkelen held fram under annonsen.
Avgjerda er heimla i smittevernlova § 4-1.
– Stenginga gjeld inntil vidare. Bjørnafjorden kommune rettar seg etter føringar frå nasjonale helsestyresmakter. Vi vil gi beskjed når vi opnar att, skriv kommunen.