Held framleis på med avhøyr
Politiet i Fusa har ingen gjerningsmannen i sikte etter gravskjendingssaka ved Holdhus kyrkje tidleg i august.
- Vi har gjennomført ein del avhøyr, men dei er avhøyrt som vitne, ikkje som mistenkte, seier politioverbetjent i Fusa, Ove Ivarhus.
Ønskjer tips
Det er innhenta teledata frå område kring Holdhus kyrkje i det aktuelle tidsrommet for ugjerninga. Politiet held på med å gå gjennom materiala.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Har de funne noko som er av interesse for politiet?
- Det kan eg ikkje kommentera. Vi held på med å gå gjennom materiala, seier Ivarhus.
Politiet er framleis interesserte i tips i saka.
- Vi er framleis interesserte i å koma i kontakt med folk som har vore i område i det aktuelle tidsrommet (helga 5.-7.august journ.mrk.), eller folk som meiner dei sit på informasjon som dei trur kan vera av interesse for oss, seier Ivarhus.