Eit fleirtal i Hordaland fylkesting vil ha region med Sogn og Fjordane, men døra er òg open for at Rogaland skal bli med.
Eit fleirtal i Hordaland fylkesting vil ha region med Sogn og Fjordane, men døra er òg open for at Rogaland skal bli med.

Held døra på gløtt for Rogaland

Med 31 røyster vedtok fylkestinget å godkjenna intensjonsavtalen om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane. Men døra er framleis på gløtt for Rogaland.

- Vi er glade for eit klart vedtak om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane til ein Vestlandsregion, seier fungerande fylkesordførar Pål Kårbø i ei pressemelding.

Vedtaket er gjort med dei 31 røystene til A, KrF, Sp og MDG.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg skulle ønskja at det vart eit breiare fleirtal, men vi har fått eit oppdrag å jobbe vidare med opp mot Stortinget og fellesnemnda. Dette er berre starten, seier Kårbø vidare.

Fylkestinget viser til at Rogaland fylkeskommune har vedteke å bestå som eigen region inntil vidare på grunn av manglande avklaringar om overføring av nye statlege oppgåver og ansvarsområde i tilstrekkeleg omfang.

- Det er derfor framforhandla ein intensjonsplan for etablering av ein ny folkevald region på Vestlandet beståande av Sogn og Fjordane og Hordaland. Fylkestinget godkjenner denne intensjonsplanen som grunnlag for eventuell etablering av ei slik regionløysing på Vestlandet under føresetnad av at nye oppgåver/ansvarsområde vert tilført, heiter det i pressemeldinga.

Primært ønskjer Hordaland fylkesting at Vestlandsregionen skal bestå av dei tre fylka Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Det vart vedteke med 34 røyster, A, KrF, Sp, V og MDG.

Om den nasjonale regionreforma får som utfall at tal fylke/regionar vert ført vidare på tilnærma dagens nivå, og Stortinget ikkje finn grunnlag for å overføra sentrale samfunnsoppgåver frå statleg til regionalt folkevalt nivå, vil fylkestinget at Hordaland held fram og vert vidareutvikla som eige fylke/eigen region frå 2020. Dette vart vedteke med 38 røyster; A, KrF, Sp, V, MDG, SV og R.