Heimeskule for 9. og 10. trinn på Nore Neset ungdomsskule
Smittetrykket på Nore Neset ungdomsskule har vore stort. No skal elevar ved to heile trinn ha heimeskule neste veke.
«Grunna høgt smittetrykk og aukande personalfråvær har rektor bestemt i dialog med fagsjef for skule at det blir heimeskule for 9. og 10. trinn neste veke. Elevane tek med seg utstyr til heimearbeid og kontaktlærar avtaler arbeid med sine klasser», er meldinga frå rektor ved Nore Neset ungdomsskule Øystein Holmås fredag ettermiddag.
Han legg til at 8. trinn ikkje blir berørt av dette og skal møta som vanleg på skulen måndag 13. desember.
Artikkelen held fram under annonsen.