Stor stas: Norges ambassadør til Sør-Afrika, Astrid Emilie Helle, overrekte medaljen til Arild Mæland Bakke på vegner av Kong Harald.

Heidra for sin store innsats for Madagaskar

Misjonær og generalkonsul Arild Mæland Bakke (59) er utnemnd til Ridder av 1. klasse av den kongelige norske fortenesteorden.

Som eldste son av mangeårig prestepar i Os, og før det misjonærar på Madagaskar for NMS, Kaare og Anny Bakke, har Arild vakse opp med det gassiske folket og landet i hjartet.

Difor vart han også sjølv misjonær, og har tilsaman budd og arbeidd i det afrikanske landet i 35 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2010 vart han norsk generalkonsul på Madagaskar. Det er denne innsatsen han no vert heidra for.

Bakgrunnen var ei tilråding frå ambassadør Astrid Emilie Helle i Pretoria, Sør-Afrika. Det var også ho som sist fredag stod for overrekking av medalje og ordensbevis på vegne av kong Harald.

Takkar NMS og kona Landy

— Hjarteleg takk til alle de som har sendt meg hyggjelege gratulasjonar det siste døgnet, skriv Bakke på si eiga Facebook-side.

Han takkar spesielt NMS og seier at han i stor grad deler denne medaljen med den norske misjonsorganisasjonen.

— Eg set pris på at tenesta mi på Madagaskar gjennom mange år blir verdsett. Påskjøninga er også ei erkjenning av arbeidet til NMS, som har vore min arbeidsgjevar i nærmare 28 år, og som gav si godkjenning til at eg kunne vera honorær norsk generalkonsul.

Han takkar også kona Landy, som sjølv er gassar, og som under utdelinga venta heime i Sandnes der Bakke og familien har hatt base dei siste åra.

— Landy har også sin del i denne medaljen. Ho skal ha stor takk for all støtte dei siste nitten åra.