Kjøkensjef Frank Vasby Bruarøy (f.v.), servitør Firas Abdeen og dagleg leiar Reidun Vasby i sving før jul. (Arkivfoto)
Kjøkensjef Frank Vasby Bruarøy (f.v.), servitør Firas Abdeen og dagleg leiar Reidun Vasby i sving før jul. (Arkivfoto)

Havnechefen stengjer - oppstår i ny drakt

I slutten av februar stengjer Havnechefen dørene i Buggegården. Men dei håpar det snart blir ny, stor og flott restaurant ein annan stad i sentrum.

- Vi gler oss til å byggja noko nytt, sjølv om det no vert utflytting litt før vi hadde tenkt, seier kjøkensjef Frank Vasby Bruarøy.

Han har ansvar for eit restaurantkjøken med stadig fleire kundar. Men om ein månad er det førebels slutt.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Husleiga var høg frå før og dei nye huseigarane nær tredobla den. Sidan vi likevel hadde planar om å byggja noko større, fekk det fortgang i flytteplanane, seier han og lovar at noko nytt og spennande er på gang.

- Vi skal skru det opp mange hakk når vi startar opp igjen, lovar han.

Det er Borghild Strønen, som i 2011 starta Engeline saman med syster si, og ektemannen Oddvar Onstad som har kjøpte Buggegården. Dette skjedde i september i fjor. I fylgje Midtsiden vil dei to starta eigen kafé frå mars når Havnechefen flyttar ut.

Skryt kvar dag

Havnechefen er kjende for heimelaga, kortreist mat. Ein einsam svale i eit sentrum fullt av pizzarestaurantar, men absolutt eit tilbod osingane set meir og meir pris på.

- Siste året har omsetnaden vår auka med mellom 700.000 og 1 million. Dessutan er det ikkje mange jobbar der ein får skryt kvar dag, men her får vi det, seier dagleg leiar Reidun Vasby.

- Når opnar de att?

- Det vågar eg ikkje å seia enno, men vi skal nok ha eit tidspunkt klart før utgangen av februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nett kor Havnechefen endar opp, veit dei ikkje. Anna enn at dei vil vera i sentrum.

- Vi har ikkje noko lokale per i dag, men vi er svært interesserte i å opna restaurant på Torget i samarbeid med kommunens Liv på Øyro-prosjekt, fortel kjøkensjefen.

Eit anna alternativ er å opna restaurant i eit nybygg aust om elvo.

Frilanskokk

- Uansett kva det blir så gler vi oss. Dette er berre positivt. Vi trengde meir plass og no vert både interiør og kjøken flett nytt, seier Vasby Bruarøy som gler seg mest til at "14 kjøleskåp" blir erstatta av eit skikkeleg kjølerom.

- Kva med kundar som har bestilt konfirmasjon eller dåp hos dykk?

- Vi kan ordna med mat, og prøva å hjelpa så godt vi kan med å finna lokale, seier Vasby Bruarøy.

- Dessutan vil eg vera tilgjengeleg utover våren som frilanskokk. Eg håpar eg kan få laga mest mogleg mat til folk samstundes som vi planlegg ny restaurant, seier han.