Elevane på veg til Ludden.
Elevane på veg til Ludden.

Haustferie gav klingande mynt til regnskogen

Haustferien på felles-SFO i Fusa er over for denne gongen. Eit flott bidrag til «Støtt regnskogen» var berre ein av mange aktivitetar.

13 born deltok på årets haustferie-aktivitetar.

Tirsdag var det fjelltur til Ludden til inntekt for TV -aksjonen «Støtt regnskogen».

Artikkelen held fram under annonsen.

- Med 13 bidrag i turboka vart det klingande mynt i kassen til regnskogen, smiler SFO-leiar Linda Ann Lohne.

Onsdag tok elevane bussen til Bergegrend for omvising i eit brevduehus. Der vart det arrangert konkurranse. Borna fekk plukka ut si eiga due før det var duka for brevdueslipp frå Fusahalvøya. Første due brukte knapt 5 minutt på distansen.

- Det var full jubel då duene ankom og borna var flinke til å plystra dei inn, skryter Lohne.

Etter brevduesleppet var det leiketid med både Kaste på boks, kongespill, gøymeleik og turnering i turnringar.

Torsdag stod legokonkurranse på programmet, der to og to fekk oppgåver dei skulle samarbeida om. Om ettermiddagen var det gymsalaktivitetar.

- Vi avslutta ferie-SFO fredagen med ein sykkeltur til Skjørsand. Vel tilbake frå sykkelturen spilte vi bingo og steikte vaflar, fortel Lohne.