Hatvikvegen: Kommunen føreslår strakstiltak for trafikksikring
Os kommune kjem med tre forslag til korleis ein kan betra trafikksikringa langs Hatvikvegen.
I kommunedelplanen for Bjånes er det lagt inn rekkefølgekrav om at gang- og sykkelveg frå Hauge til Klyva skal vera ferdig før innflytting i nye bustader på Bjånes. Bjånes Fjordbolig AS har fått dispensasjon frå dette kravet for inntil 200 bustader, under føresetnad av at nye bebuarar på Bjånes får eit tilfredsstillande gang- og sykkeltilbod via Midtbøvegen, heiter det i eit notat kommunen har sendt Statens vegvesen om mellombelse trafikksikringstiltak.
Os kommune har inngått utbyggingsavtale med Bjånes Fjordbolig AS om at sistnemnde bidrar til utbygging av gang- og sykkelveg langs Fv 552 frå Hauge til Klyva og slik innfrir rekkefølgekrava. Bjånes Fjordbolig AS har ansvar for eventuelle trafikksikringstiltak som må gjennomførast i Midtbøvegen. Os kommune skal på si side arbeida for å finna mellombelse løysingar som betrar trafikktryggleiken. No kjem dei med tre forslag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eksisterande undergang
Der Bøvegen kjem ut på Hatvikvegen føreslår kommunen at det vert laga ein enkel gangsti/turveg langs Hatvikvegen til Hegglangsdalsvegen og samankopling med eksisterande gang- og sykkelveg. Det er i følgje kommunen om lag 10 hus som soknar til Bøvegen og mange fleire dersom ein tar med Hesthaugen. Det er òg fleire ungar som har dette som skuleveg.
Det andre forslaget omfattar enden av Bøvegen.
- Dei som bur inst inne i Bøvegen går nok heller ned til Hatvikvegen her enn å gå opp og rundt ut i Hatvikvegen nærare Os. Her har me sett på to ulike løysingar. Det første er ei kryssing i plan der ein blir leia over mot eksisterande snarveg over til Midtbøvegen, mellom ein garasje og ein gamal fabrikk. Hatvikvegen og Midtbøvegen er elles omtrent i same høgde i dette punktet. Den andre løysinga er å nytta eksisterande undergang som er laga der bekken renn under Hatvikvegen, heiter det i notatet til vegvesenet.
Dette området er overgrodd og lite i bruk, men undergangen har ei høgde og ei bredde som gjer at den kan nyttast som ein snarveg ned til Midtbøvegen, meiner kommunen.
Lågare fartsgrense
Det tredje punktet er Klyva, der vegen til Bjånes går ned. Kommunen ønskjer her at "det vert lagt til rette for eit sikkert kryssingspunkt for dei som bur på Klyva, på oversida av Hatvikvegen, ned mot Bjånesvegen".
- Så må det lagast ein gangveg mellom Bjånesvegen og Midtbøvegen på ein eller annan måte. Dei som bur på Klyva kan då, på same måte som dei som bur på Bjånes, nytta Midtbøvegen som gang- og sykkelveg inn mot Os, vert det føreslege i notatet.
Kommunen held fram at dei ønskjer at "så mange som mogleg av dei som bur på oversida av Hatvikvegen, kjem trygt fram til eit oversiktleg kryssingspunkt, der dei kan stå trygt og venta til det bli klart til å springa over vegen".
Kommunen legg til at det kan verta naudsynt med fartsreduserande tiltak for å gjera kryssinga av Hatvikvegen litt tryggare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Enkelt og rimeleg
I følgje kommunen kan dei to fyrste punkta løysast på ein enkel og rimeleg måte, dersom vegkontoret kan hjelpa til med naudsynte grunnavtalar. Os kommune vil også vurdera om dette er tiltak som kan gjennomførast i eigen regi.
Kommunen har bede om ei rask avklaring frå Statens vegvesen og vegeigar Hordaland fylkeskommune om korleis dei vurderer dei ulike tiltaka og korleis dei eventuelt kan bidra for å få gjennomført dei.
Os kommune vil vidare ta kontakt med Bjånes Fjordbolig AS for å diskutera ei løysing for krysset på Klyva då det er ønskjeleg frå vegvesenet si side at dette krysset vert utbetra i samsvar med godkjent plan.