Hastemøte i styringsgruppa fredag
Ordførar Terje Søviknes (Frp) konstaterer at Samnanger har meldt si interesse overfor Os og Fusa, men ønskjer ikkje å kommentera førespurnaden før han har vore i dialog med styringsgruppa for kommunereforma.
Ordføraren fortel at det er kalla inn til hastemøte i styringsgruppa, som består av formannskapet, gruppeleiarane i Sp og KrF, administrasjonen i Os kommune og tillitsvalte, fredag ettermiddag.
Også ordføraren i Fusa, Atle Kvåle (Ap), er ordknapp når det gjeld initiativet frå Samnanger.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I vedtaket som vart gjort i går, gjekk Fusa kommunestyre mellom anna inn for å snakka med andre kommunar dersom det vert aktuelt. Med andre ord: Om nokon tek kontakt, så pratar vi med dei. Men no veit eg ikkje kva Samnanger tenkjer. Om kommunen ønskjer å verta del av intensjonsavtalen mellom Fusa og Os. Vi må ta det i rett rekkjefølgje, seier Kvåle og viser til møta som skal vera i styringsgruppene i morgon.
- Trur du det kan vera enklare for fusingane å akseptera ei eventuell samanslåing med Os dersom Samnanger også blir med?
- Det har eg ikkje grunnlag for å svara på. Det som er situasjonen for augneblinken er at Tysnes har takka nei, og at Fusa korkje har sagt ja eller nei, men at vi tek avtalen til orientering. No må vi gå gjennom den nye situasjonen, og sjå korleis det påverkar avtalen. At Samnanger eventuelt vert ein del av avtalen, er det forhandlingsutvalet som må ta stilling til korleis ein skal handtera, seier Kvåle.