Har tilsett ny rektor
Tek til i jobben i februar.
Diana V. Johansen er tilsett som ny rektor ved Os ungdomsskule frå 26. februar 2024. Ho jobbar som avdelingsleiar i Bergen kommune i dag og har lang erfaring som leiar, opplyser Janne Eik, fagsjef skule i Bjørnafjorden kommune.
Fram til ny rektor er på plass, blir Lars Aage Olsen, som er avdelingsleiar ved ungdomsskulen i dag, konstituert rektor.