Har tetta lekkasjen
Fritidsbåten utanfor Vargavågen vert no lensa for vatn.
Bjørnafjorden brann og redning opplyser like etter klokka 14 at dei har tetta lekkasjen i den 31 fot store fritidsbåten som var på veg til å synka ved Vargavågen.
Båten vert no pumpa for vatn.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Vi ventar på bergingshjelp som skal ta hand om båten vidare, seier vakthavande ved Bjørnafjorden brann og redning.