Rykte ut: Torsdag morgon fekk politiet melding om at ein bil hadde hamna oppå autovernet på Halhjemsvegen.

Har starta etterforsking etter at ein bil hamna oppå autovernet

Politiet har oppretta sak etter at ein hamna oppå autovernet på E39 ved Lunde.

Torsdag morgon fekk politiet melding om at ein bil stod oppå autovernet i krysset ved Lunde. Politioverbetjent Anne Lyssand fortel at dei har oppretta sak.

— Mistenkjer de straffbare forhold?

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det blei gjennomført avhøyr på staden og oppretta sak. Vi var ikkje der då dette skjedde. Då må vi etterforska, seier Lyssand.

Vidare opplyser Lyssand om at det ikkje er gjort førarkortbeslag. Verken person, bil eller autovern skal ha blitt skadd. Føraren var ein mann i 20-åra. Bilen skal ha vore på veg sørover.