Søstrene Renate og Camilla Solberg har starta dyrebutikk på nett saman.
Søstrene Renate og Camilla Solberg har starta dyrebutikk på nett saman.

Har starta dyrebutikk på nett

Dei to dyrebutikkane i Os har fått ein konkurrent, men konkurrenten sel berre på nett.

Søstrene Camilla (24) og Renate Solberg (27) starta i februar nettbutikken Romeo & julie, der dei sel utstyr og mat til dyreeigarar med hundar og kattar.

– Vi har lita erfaring med å driva butikk, men å driva dyrebutikk er noko vi har drøymt om og snakka om lenge, seier Camilla, som snart er ferdigutdanna som prosessoperatør. Søstera Renate er ambulansearbeidar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men vi har mykje erfaring med dyr. Vi er oppvaksen på Austevoll. Heime hadde vi alt frå tarantell til hest. Ein kan trygt seia at vi kjem frå ein dyreglad familie.

Miljøvenlege butikkdrivarar

No i starten vil dei berre driva på nett, men Camilla legg ikkje skjul på at det hadde vore stort for dei to å ha sin eigen butikk.

– Det er alt to dyrebutikkar i Os. Slik vi ser det, er behovet dekt no, men på sikt er det absolutt interessant, seier ho.

Camilla legg til at dei er konkurrentar til dei etablerte dyrebutikkane, men at dei sel andre produkt.

– Mykje av det vi sel er laga for hand. Slik er vi også med på å spara miljøet og bidreg ikkje til bruk og kast-samfunnet. Det er så mykje som er masseprodusert, og det er mykje ein kjøper som ein ikkje har behov for. Ofte ser ein reklamar med at ein får to varer ved kjøpet av ein, men så treng ein berre den eine. Den andre vara blir gjerne ikkje brukt og går rett i bosset.

Førebels har dei lageret heime, og sender når dei får bestillingar.

– Vi brukar plass vi har og plass vi ikkje har, seier Camilla og ler.

– Vi vil utvida og få oss eit lager på sikt.