Har sendt ut farevarsel om snø
Enkelte stader kan det koma opp mot 25 centimeter på 24 timar.
Meteorologisk institutt har måndag sendt ut farevarsel for store mengder snø på Vestlandet tysdag.
– Frå tysdag morgon til onsdag morgon er det venta snøbyger, og det vil lokalt koma rundt 10-25 cm snø på 24 timer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Varselet gjeld for delar av Vestlandet sør for Stad.
Veret kan gje lokalt vanskelege køyreforhold og sårbar infrastruktur kan bli råka som følgje av snøtyngda.
Nokre reiser vil også kunna få lengre reisetid.
Meteorolgisk institutt kjem med følgjande tilrådingar i varselet:
* Beskytt sårbare installasjonar og gjenstandar som ikkje tåler den venta snømengda
* Rekn noko ekstra tid til transport og køyring
* Bruk riktige dekk og køyr etter forholda
* Behov for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar