Har oppretta sak: Politiet har oppretta undersøkingssak på hendinga i Lysefjorden-området tysdag.

Har send ut varsel om ikkje å drikka vatnet

Tysdag kveld kom det melding om forureining.

Politiet orienterer om eit tilfelle av forureining i Lysefjorden-området. Gjødsel rann ut på eit jorde i retning ei elv, som kan påverka privat drikkevatn.

— Brannvesenet var også på staden og Kystverket blei varsla om hendinga. Eigar har rekvirert naudsynte maskinar for opprydding, skriv politioverbetjent Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er send ut varsel om ikkje å drikka vatnet for aktuelle bebuarar i området. Birkeland skriv at politiet har oppretta undersøkingssak på forholdet.