Rykte ut etter melding om røykutvikling. Bebuarar sendt rutinemessig til legevakta
Brannvesenet rykte onsdag kveld ut til bustad i Lepsøyvegen etter melding om røykutvikling.
Kl 20.16 onsdag kveld melde 110 Vest på Twitter om røykutvikling i eit elektrisk anlegg i ein bustad.
Fungerande brannsjef, Erik Walden, opplyser til Os & Fusaposten, at det ikkje utvikla seg til noko brann, men at det som tilsynelatande var ei kortslutning i sikringsskapet i andre etasje i bustaden, førte til ein del røyk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei som bur på adressa er rutinemessig sende til legevakta etter at dei kan ha fått i seg litt røyk.
Brannvesenet har sytt for røykventilering i bustaden, og huseigar vil kontakta elektrikar for kontroll av el-anlegget.
Ifølgje Walden var det ikkje straum i huset etter hendinga.