Stor variasjon: Ordførar Trine Lindborg og sommarskulerektor Per Olav Sørås er glad for å kunna tilby eit veldig variert sommarskuletilbod.

Har plass til 700 elevar på sommarskulen - her er alle kursa

Heile 18 kurs kan elevar frå 5. til 10. trinn ta del i på Bjørnafjorden kommune sin sommarskule. Påmeldinga startar i dag.

Sommarskulen finn stad i veke 25 og 26, altså dei to første vekene av sommarferien. Det er første gang kommunen arrangerer sommarskule.

Med 18 kurs, fordelt på to veker, har sommarskulen plass til heile 700 elevar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit flott tilbod med stor variasjon. Alt frå handarbeid og matlaging til livredning og flykurs. Elevane finn seg kanskje ein ny hobby i løpet av sommaren, seier sommarskulerektor Per Olav Sørås.

Blant tilboda til dei som går i 5. til 7. klasse, er: Musikalgøy! Formidling gjennom song, dans og skodespel, arbeidsstove, forskarfabrikkens sommarlab, friluftslivskule, eventyrsommar – ein slags speidarleir og skate & create.

For 8. til 10. trinn, kan idrett og livsmestring, flyskule, journalistikk, media, film og foto, Kuventræ sommarcamp, TenSing-veke og sommarskule i Fjorden arena mellom anna nemnast.

– Sommarskulen er for dei som er ferdig med 5. klasse og oppover. Kursa er berekna for alt frå 6 til 100 deltakarar, fortel Sørås.

Sommarskulerektoren seier han er imponert over kor mange som har bidrege med kurstilbod til sommarskulen.

– Kommunen er berre involvert i eit par av kursa, seier han.

Les også
Bjørnafjorden kommune får millionbeløp til sommarskule

Vinn-vinn for alle

Påmeldinga startar i dag, og fristen er sett til 26. mai. Men det er ikkje noko «først til mølla»-prinsipp som gjeld. Alle skal ha same mogelegheit til å delta. Er kursa fulle, vert det loddtrekning.

– Det skal opplevast rettvist. Er du heldig, får du plass begge vekene, men det kjem an på kva kurs du vel, og om dei er fulle, påpeikar Sørås.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden kommune har fått 3.246.500 kroner frå Utdanningsdirektoratet til å arrangera sommarskule. Målet er at sommarskulen skal kompensera for nokre av dei faglege og sosiale følgjene som pandemien har hatt for born og unge.

– Det har vore, og er tøft for mange. Det er kjekt å kunna gje eit tilbod til desse elevane, seier ordførar Trine Lindborg og legg til:

– Det vert ein annleis sommarferie for mange i år også. Om ein berre skal vera heime, kan det bli mange, lange veker. Sommarskulen er dessutan gratis. Tilbodet er likt for alle. Alle har same mogelegheit til å delta.

Ei anna «baktanke» med sommarskulen, er at studentar og ungdomar som elles ikkje ville fått sommarjobb, har noko å gjera.

– Det er vinn-vinn for fleire. Det er nok ein god del ungdom som no får seg jobb som følgje av sommarskulen, påpeikar ordføraren.

Om sommarskulen vert ei årviss greie, er enno uklart. Sørås fortel at dersom kommunen ikkje brukar opp pengane i veke 25 og 26, kan det eventuelt arrangerast kurs i høstferien også.

– Vert det kjøpt inn utstyr til kursa utover eingangsutstyr, er det kommunen som overtek dette når kurset er over. Dei som skal arrangera livredningskurs skal til dømes kjøpa inn 15 våtdrakter. Desse kan skulane, eventuelt BUA, få etter at sommarskulen er ferdig, seier Sørås.