Har måtta senda ut ny 'hentemelding' til foreldre
Vassleidningsbrotet gjev utfordringar ved SFO på Os barneskule.
Fredag måtte skulen stengja SFO omgåande grunna vassleidningsbrot, og foreldre vart oppmoda om å henta borna så snart som mogleg.
Måndag ettermiddag gjekk det ut ny 'hentemelding'. Årsaka er at kommunen har måtta stengja vatnet igjen grunna brotet på vassleidninga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det gjer at toaletta ikkje kan nyttast, og skulen har sendt ut melding der dei ber alle henta borna så snart som råd på SFO.