Har kontroll på brannen - held på med utlufting
Brannvesenet har kontroll etter at det oppstod opne flammar i ein metallherdar i det gamle Rolls Royce-bygget i Ulvenvegen fredag.
– Det var opne flammar og røykutvikling. Vi har kontroll no, og held på med utlufting i bygget, seier innsatsleiar Martin Austgulen.
Ventilasjonen i bygget har smelta og røyken har difor spreidd seg til heile bygget.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brannvesenet sjekkar no om det er kome skadar i taket etter brannen.
Det vart først sendt inn røykdykkarar i bygget.