- Har kjent på det. Ikkje alt er like kjekt
Marie Bruarøy har fått til dels hard skyts på sosiale medium før kveldens kommunestyre-møte. Ordførareren står i stormen, men synest ikkje alt er like kjekt.
- Som folkevald politikar skal me stå oppreist også når det bles litt, men det er ikkje alt som er like kjekt. Folk må gjerne ytra meininga si, men noko av det som har versert på Facebook og andre sosiale medium dei siste dagane er litt over streken, seier Bruarøy.
Ho meiner grensa går når familie og vener kjenner på det.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg skal tola det, men det tyder ikkje at eg likar det, er Bruarøys krystallklare kommentar.
Spesiell sak
Det er sjølvsagt brusaka det her er snakk om. På kveldens kommunestyremøtet, der Bruarøy offisielt skal veljast som ny ordførar, skal politikarane også gje sin høyringsuttale til Statens Vegvesen sine planar for brua over Bjørnafjorden.
For tre av politikarane er det ei ekstra spesiell sak. Både ordførar Bruarøy, Frp-politikar Eirik André Hesthamar og høgrepolitikar Emil Brimsholm er frå Øyane, der ilandføringa av brua er planlagd.
- Det er klart at denne saka truleg er noko meir spesiell for oss enn for dei andre lokalpolitikarane, men me kan ikkje anna enn å handtera ho sakleg og profesjonelt, som me gjer med andre saker. Me skjøner at folk vert følesesmessig engasjerte, men eg vil oppfordra folk til å skilja mellom sak og person, også når dei ytrar meininga si på Facebook, seier Marie.
Har teke poenget
Den nye ordføraren trur ikkje ho kjem til å møta demonstrantane som skal ut å gå i fakkeltog før møtet i dag.
- Det får eg sikkert ikkje tid til. Om dei absolutt vil ha meg og andre politikarar ut, så får me sjå på det, men eg kan vel seia her og no at me har teke poenget. Me veit kva dei meiner, seier Marie.
- Kommunen skal i kveld koma med ein felles høyringsuttale til Statens Vegvesen sine bruplanar. Vil du nytta partipisken på kollegaane dine i Høgre?
- Dei som har følgd lokalpolitikken i Os veit at Høgre ikkje praktiserer den slags. Eg har sjølv ytra meg imot kva andre innad i partiet har meint. Det er kvar enkelt politikar sin fulle rett, avsluttar Bruarøy.