Har kartlagt rusmisbrukarane i Os
11 av 90 rusmisbrukarar i Os er i såkalla blodraud sone - med svært omfattande misbruk. Målet med kartlegginga som no er gjort er å betra hjelpetiltaka.
Eit nytt krav om å laga brukarplanar over alle rusavhengige i kommunane, ligg bak kartleggingsarbeidet som no er gjort på dette feltet.
Onsdag informerte einingsleiar i Helse- og omsorgstenesta, Eva-Mari Solberg, medlemmene i Tenesteutvalet om kva som hadde kome fram under kartleggingsarbeidet av rusmisbrukarane og den psykiske helsa deira.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I 2015 var det registrert 90 personar med ei eller anna form for rusproblem, men her må me også rekna med eit visst mørketal. Ein må kjenna personen ganske godt for at han/ho skal bli registrert/kartlagt, sa Solberg.
Dei 90 som er registrerte i Os utgjer 0,6 prosent av innbyggjarane over 16 år.
Vil ha fastlegane med
Seks instansar har delteke i arbeidet med å laga brukarplanen, og kommunen har involvert både sjukepleiar, ruskonsulent, heimehjelpar, psykolog, representant for barnevernet og for NAV.
- Diverre har me ikkje lukkast med å få fastlegane med på laget, då ville me truleg hatt eit høgare tal registrerte, sa einingsleiaren.
Ho kunne ikkje gje noko eksakt svar på kvifor legane ikkje ville vera med, men var inne på teieplikta og det etiske dilemmaet legane kan koma i ved å gi frå seg konfidensielle opplysningar om pasientane sine. Sjølv om kartlegginga er godkjent av Datatilsynet, kan det vera ei vanskeleg avgjerd for mange.
Mange med omfattande misbruk
Gruppa som har kartlagt misbrukarane har plassert dei i ulike soner, alt etter kor stort og omfattande misbruket er. Berre to kjem inn under mildaste kategori, grøn sone - noko som tyder at dei har eit misbruk under kontroll. 19 brukarar er i gul sone, og har eit omfattande misbruk, men under ein viss kontroll. 58 personar er plassert i raud sone, og 11 i blodraud sone - det vil seia at dei har eit svært omfattande misbruk, utan særlege grenser og kontroll.
Av dei 90 registrerte rusmisbrukarane i Os, er 10 personar under 23 år.
Eit anna problem som Solberg peika på var at mange born er i kontakt med foreldre eller foresatte med rusproblem.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Tolv born bur hos foreldre som har eit rusproblem, og 40 rusavhengige personar har samværsrett med born, sa ho.
Mykje vald og truslar
- Samanlikna med andre kommunar, skårar Os uvanleg høgt når det gjeld vald og truslar innad i rusmiljøet. I undersøkinga vår går det fram at 13 personar har vore utsette for vald/truslar frå andre, 20 har både vore offer og gjerningsmenn når det gjeld vald og truslar og åtte har utsett andre for vald, fortalde Eva-Mari Solberg.
Ho uttrykte bekymring for dei høge tala, og peika på at dette er noko dei måtte gripa tak i.
Utvalsmedlem Gisle Hesjedal (Ap) spurte om brukarplanen ville koma dei med rusproblem til gode på ein eller annan måte, eller om planen berre er laga for å få eit visst oversyn over problema.
- Det vil absolutt koma brukarane til gode. Me har nyleg oppretta ei ny stilling under førebyggjande helsetenester, slik at me kan oppdaga problema tidlegare. Me vil også ha tre nye årsverk på plass for å kunna jobba meir direkte med å få folk ut av rusproblema, sa Solberg.