Fekk melding om mogleg brann på Hagavik Hjemmebakeri
Naudetatane rykte ut.
Det melde Vest politidistrikt på Twitter like etter kl 12 onsdag.
– Det skal vera mykje røyk på staden, var meldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Oppdatert:
Brannvesenet er framme ved Hagavik Hjemmebakeri.
Dei opplyser at det skal ha vore brann i ventilasjonsanlegget i bustaddelen over bakeriet. Det er ikkje meldt om opne flammar, og alle tilsette skal vera ute av bygget.