Har ettermeldt arbeidsulukke. – Måtte amputera delar av ein finger
På dagtid fredag vart ei arbeidsulukke ettermeldt til politiet i Os.
Ulukka skal ha skjedd i Hagaviksområdet onsdag 8. mars.
– Ulukka skjedde i samband med at eit firma utførte arbeid på ei privat adresse i Hagaviksområdet. Vedkomande, ein mann i 30-åra frå Bergen, måtte amputera delar av ein finger, opplyser vakthavande betjent ved Bjørnafjorden politistasjon i ein e-post til avisa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er oppretta sak på forholdet.