Tidlegrøystinga er i gang: Valet er ikkje før om to månader, men om du ikkje har mogelegheit til å røysta i den ordinære førehandsrøystingsperioden, er det faktisk mogleg å gjera det alt no.

Har du tatt valet allereie? No kan du tidlegrøysta

Frå 3. juli til 9. august kan du røysta i kommunetorget i rådhuset. 10. august startar den ordinære førehandsrøystinga.

Tidleg førehandsrøysting er meint som ei ordning for dei som ikkje har høve til å røysta i den ordinære førehandsrøystingsperioden eller på valdagen, men det er ikkje krav til at veljaren må dokumentera at han ikkje kan røysta i den perioden.

Den tidlege førehandsrøystinga finn stad i rådhuset på Osøyro, som har ope måndag, tysdag, torsdag og fredag. Medan den ordinære førehandsrøystinga, frå 10. august til 8. september, finn stad i vognhallen på Osøyro og i kommunetunet i Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg har kommunen noko som heiter ambulerande stemmegiving. Det finn stad på Eikhovdaheimen og i Strandvik (ved butikken) tysdag 15. august, på Baldersheim helsetun og i Hålandsdalen (ved skulen) onsdag 16. august, på Fusa bu- og behandlingssenter og i Nore Fusa (ved butikken) torsdag 17. august, på Kysthospitalet og Ravneberghaugen måndag 21. august, på Os gymnas og Os vidaregåande skule tysdag 22. august, på Luranetunet onsdag 23. august og på Kongshaug musikkgymnas og i Gamleheimshagen torsdag 24. august.

For tidspunkt sjå kommunen si nettside.

– Veljarar som ikkje er i stand til å ta seg til eit vallokale har krav på å få røysta heime. Det kan du gjera frå 31. august til 8. september. Frist for å søkja om heimerøysting er tysdag 5. september klokka 12.00, skriv Bjørnafjorden kommune på nettsida si.