Senterleiar på Fjord´n Senter Michele Drange Hjelle gler seg til å reisa til Bergen for å levera julegåver til Sykehusbarn Vest.
Senterleiar på Fjord´n Senter Michele Drange Hjelle gler seg til å reisa til Bergen for å levera julegåver til Sykehusbarn Vest.

Håpar på mange gåver under grana

Det er blitt ein tradisjon å samla inn julegåver til veldedige føremål på Fjord´n Senter.

- Me vonar sjølvsagt at så mange som mogleg ønskjer å gje ei gåve til nokon som treng ei oppmuntring i jula, seier senterleiar Michele Drange Hjelle.

Gåver under senter-grana

I år er fjerde året på rad at Fjord´n Senter samlar inn gåver til eit godt føremål. Første året gjekk gåvene til Kirkens Bymisjon, og andre året til Romania Hjelpen. I år som i fjor er det Sykehusbarn Vest som får gåvene som vert samla inn under julegrana på senteret i Eikelandsosen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me synest det er eit flott tiltak å gje til born som har ein tøff kvardag, seier Hjelle og legg til:

- Det som er litt spesielt med denne innsamlinga, er at gåvene som vert levert må vera nye. Dette grunna smittefare på brukte og gamle gåver, seier Hjelle.

Men det ser ikkje ut til at fusingane har noko problem med at bidraga må vera nyinnkjøpte.

- I fjor fekk me inn to fulle sekker med gåver. Me håpar på like mange, om ikkje fleire gåver i år, seier senterleiaren.

Gler seg til overleveringa

Innsamlinga starta i slutten av november, og held fram til og med 15. desember.

- Då tek eg med meg gåvene og reiser til Bergen for å levera dei. Det gler eg meg til, smiler senterleiaren.