Håpar du på kvit jul?
Då blir du skuffa, i alle fall om prognosen slår til.
- Slik det ser ut no, blir det temmeleg grått, seier vakthavande meteorolog ved meteorologisk institutt, Haldis Berge.
Vanskeleg å spå
I dag er det kjølig, men i morgon og torsdag kjem det mildluft innover Vestlandet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Temperaturane stig, og snøgrensa vil liggja på 800 meter, seier Berge.
I helga søkk temperaturen litt, og snø vil leggja seg litt lengre ned i fjellet, om prognosen stemmer.
- Det er vanskeleg å spå lengre fram i tid, så me veit ikkje kor høgt ein må for å få kvit jul, seier Berge.
Plussgradar og regn på julaftan
Det som i alle fall ser sikkert ut no, er at det blir regn på julaftan.
- Tendensen er nedbør og mellom fire og seks grader, seier Berge.
- Er alt håp om kvit jul ute for osingar og fusingar?
- Det ser slik ut no, men igjen, det er langt fram i tid.
Fem år sidan kvit jul
Berge har statistikk for Bergen dei siste åra, og historikken viser at det er ei stund sidan me hadde kvit jul.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I fjor var middeltemperaturen 2,4 grader. Året før, var det 7,5. I 2012 var det ingen nedbør og plussgrader, i 2011 regna det, men i 2010 og 2009 fekk me snø.