Håpar å kunna frigje namn sundag
Sundag føremiddag informerte Kripos om at dei håpar på å kunna frigje nokre av namna på dei omkomne etter helikopterstyrten fredag i løpet av dagen.
- Vi har håp om å koma med identifikasjonar i ettermiddag eller kveld, men vi kan ikkje garantera det, sa Per Angel i ID-gruppa til Kripos på pressebriefen i føremiddag ifølgje bt.no.
13 personar mista livet i helikopterstyrten ved Turøy i Øygarden fredag. Av dei to osingar. Sundag var nokre av dei etterlatne etter ulukka på havaristaden for å minnast sine kjære.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje politiet held etterforskinga og identifiseringsarbeidet fram for fullt i dagane som kjem.
– Vi skal ha finsøk rundt holmen, søkja med miniubåt kring havaristaden og ha finsøk i terrenget der rotoren vart funnen, opplyste stabssjef Gustav Landro for kort tid sidan.