— Han var rusa og visste ikkje kvar han var
Ein mann skal ha vore sjenerande for butikkar og kundar.
Det var fredag kveld at politiet måtte rykka ut til Os sentrum. Det opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ei melding på e-post.
— Han skal ha nekta å flytta seg og plaga forbipasserande. Politiet kom til staden og tok kontroll på mannen. Han var rusa og visste ikkje kvar han var. Han blei køyrd heim til kjærasten sin, skriv Birkeland.