Hamnesjefen på vakt igjen
Svanefar måtte gjennom både narkose og endoskopi – men no sym han atter i det fri.
Tysdag vart den lokale kjendissvana Hamnesjefenfunnen med gøtt rundt halsen og i nebbet av nokre tredjeklassingar i Mobergsvika. Veterinær Eva-Kristin Lunde rykte ut på fritida og fekk frakta svana til dyreklinikken. Frykta var at svana hadde fått ein fiskesluk i svelget.
I narkose
Onsdag blei svana grundig undersøkt.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Røntgenbiletet viste heldigvis at det ikkje var nokon kron i fuglen. Deretter gav me han gassnarkose for å undersøkja matrøyr og mage med endoskop. Me kunne konstatera at det ikkje var skadar nedover i det lange matrøyret, og me gjorde heller ingen funn av snøret, seier Eva-Kristin Lunde.
Ho takkar også 3.-klassingane som reagerte så raskt.
I det fri att
Sølvi Bugge og andre frivillige i Svanehjelpen i Os var onsdag kveld med på å setja Hamnesjefen fri att.
– Etter å ha køyrt rundt halve Os for å finna svanemor og ungane, utan hell, sette med Hamnesjefen fri ved Oselvarnaustet. Og der dukka frua og dei tre små fram rundt neset, skriv Sølvi Bugge i ei facebookoppdatering.
Torsdag morgon vart Hamnesjefen observert i full vigør ved Os marina der han irettesette nokre arbeidarar om bord i ein båt før han la kursen vidare mot Mobergsvika att.
ol@osogfusa.no