Thailandsferien vart litt annleis enn Vegar Kleivdal og Mariel Søgnen Olsen hadde sett føre seg. No har monsunregnet heldigvis gitt seg, og lokalbefolkninga jobbar iherdig med å retta opp att skadane.
Thailandsferien vart litt annleis enn Vegar Kleivdal og Mariel Søgnen Olsen hadde sett føre seg. No har monsunregnet heldigvis gitt seg, og lokalbefolkninga jobbar iherdig med å retta opp att skadane.

Hamna midt i flaumen i Thailand

Det vart ein våt start på Thailands-ferien for osingen Mariel Søgnen Olsen og kjærasten Vegar Kleivdal. I dag titta sola endeleg fram.

Like over nyttår vart Sør-Thailand råka av det som vert skildra som det kraftigaste regnvêret i regionen på 30 år. Fleire stader stod regnvatnet langt oppetter husveggane, og ifølgje internasjonale nyhendebyrå skal 11 menneske ha omkomme i flaumen.

Mange nordmenn ferierer sør i Thailand i vinterhalvåret. Av desse er Mariel Søgnen Olsen og Vegar Kleivdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Paret landa i Bangkok på nyttårsaftan. Deretter gjekk turen vidare til Koh Tao 2. januar.

- Vi hadde høyrt rykte om at det var ein storm i vente, men vi tenkte at det ikkje kom til å bli så gale, seier Olsen.

Same dag som dei kom til den vesle øya, starta uvêret.

Den første veka av ferien var regnponcho heilt naudsynt. Vatnet bøtta ned i 36 timar i strekk. Deretter var det pause ei lita stund, før det begynte på att igjen.
Den første veka av ferien var regnponcho heilt naudsynt. Vatnet bøtta ned i 36 timar i strekk. Deretter var det pause ei lita stund, før det begynte på att igjen.
Paret måtte kryssa elva som rann tvers gjennom gata for å skaffa mat og drikke.
Paret måtte kryssa elva som rann tvers gjennom gata for å skaffa mat og drikke.

- Det starta 2. januar, og så bygde det seg opp den neste veka. Førre helg var verst. Då pøste det ned 36 timar i strekk utan opphald i det heile, fortel ho.

Husa på øya var ikkje bygd for slikt vêr, og etter ei veke med regn, regn og atter regn, låg mange att i ruinar.

- Elva med regn skar rett gjennom husa. Fundamenta var heilt borte, fortel Kleivdal.

Utan straum

I staden for i ein bungalow på stranda, budde paret i ei blokk litt lenger inne på øya. Heldigvis. Der vart dei sitjande på rommet i fleire dagar. Straumen kom og gjekk, og nettilgangen var heilt borte.

- Det var dørgande keisamt. Heldigvis hadde vi lasta ned nokre filmar på ipaden før vi drog, seier Kleivdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sentrum av Koh Tao, fem minutt unna der dei budde, var det nokre butikkar og restaurantar som klarte å halda det gåande. Men for å skaffa mat og drikke, måtte Olsen og Kleivdal kryssa "floden".

- Vatnet rekte oss til livet, seier paret som vitjar Thailand for aller første gong.

- Vi hadde nok venta oss eit litt anna vêr enn dette, vedgår dei.

Forlenger ferien

Men det finst håp. Onsdag denne veka var første dag med skikkeleg sol, og ifølgje vêrmeldingane skal det vera fint ei god stund framover.

- Øydeleggingane er store, men dei lokale innbyggjarane har vore veldig flinke til å rydda opp, og å byggja opp att vegen ved hjelp av sand, seier Olsen.

- Nett no sit vi på stranda med kvar vår kokosnøtt i handa og har det ganske bedageleg, legg Kleivdal til.

Eigentleg skulle paret ha reist heim til Bergen 18. januar, men på grunn av det dårlege vêret har dei bestemt seg for å bli verande ei veke til.

- Vi følte oss litt snytt, så vi utsetja heimreisa ei veke, fortel dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Olsen og Kleivdal har litt å ta igjen. Planen er å reisa litt rundt, og å vitja dei andre øyene i nærleiken. Kanskje vert det fullmånefest på naboøya i morgon.

- Og så håper vi at vi får høve til å snorkla litt. Koh Tao er jo ei dykkeøy, seier paret på telefon frå Thailand.