Gustav Bahus held fram som leiar i Frp lokalt
Frp i Bjørnafjorden har vald nytt styre.
Leiar vert Gustav Bahus. Nyvald politisk nestleiar er Espen Aspenes. Ny organisatorisk nestleiar i lokalpartiet er Eirik-André Hesthamar. Terje Søviknes som er attende i lokalpolitikken, vert kasserar medan styremedlemene er Ove Frotvedt, Carl-Johan Haugen, Tore Kleppe, Thrude Scheie Mellingen og Roald Stigen.
Laila Marie Reiertsen skal representera partiet i kommunestyret.