Flott merksemd: Gunnar Bolstad er svært glad for merksemda han fekk gjennom finalen i «Norges hyggeligste håndverker». Elektrikaren takkar alle som har stemt på han.

Gunnar Bolstad fekk ærespris på «Norges hyggeligste håndverker»-festen

Gunnar Bolstad fekk ærespris for oppfølginga av lærlingar i H2 Elektro. — Utruleg moro å få slik heider og merksemd, seier 52-åringen.

To handverkarar frå Bjørnafjorden kommune var i finalen i kåringa «Norges hyggeligste håndverker». Begge enda som nummer to i sin klasse. Gunnar Bolstad i klassen for elektrikarar — Espen Engevik i klassen for røyrleggjarar.

For Bolstad vart det til og med litt ekstra heider.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Super helg

Det vart ei stor og flott oppleving for Gunnar Bolstad då han og kona entra prisutdelingslokalet på Grønland i Oslo laurdag føremiddag. Vinnes-karen var ein av totalt 21 finalistar i «Norges hyggeligste håndverker»-kåringa, og fekk fortent ekstra heider.

— Først av alt må eg seia at eg er stolt berre av å ha nådd finalen. Det var i overkant av 1.000 nominerte og eg stod der som éin av 21 i finalen. Det er klart ein vert litt stolt av det, humrar elektrikaren som til dagen jobbar i H2 Elektro.

52-åringen vart nummer to i klassen for elektrikarar, men fekk likevel med seg pris heim til Vinnes.

— Slik eg forstod det, var det første gong dei delte ut ekstra pris, så det var litt gjævt. Prisen eg fekk, var ein ærespris for å ha jobba godt med lærlingar, fortel Bolstad som til dagen har fire lærlingar under sine vengjer i firmaet.

Han synest heile arrangementet var supert.

— Me hadde ei super helg i hovudstaden. Etter prisutdelinga var det stor festmiddag for 120 inviterte, og både reise og opphald var dekt. Det var veldig kjekt, seier Bolstad.

Ekstra med lærlingar: Elektrikaren frå Vinnes har i fleire år jobba ekstra med lærlingar. Det arbeidet får han skryt for.

Heidrar gode rollemodellar

Det var femte året på rad at byggjebransjen, Schibsted og Talkmore delte ut pris til «Norges hyggeligste håndverker». Prosjektleiar Benjamin Husstad-Nedberg seier dette om kåringa:

— Heile poenget med dette arrangementet er å heidra gode handverkarar og fine rollemodellar. Me har over 200.000 handverkarar her i landet. Då seier det seg sjølv at det er ekstra stas å koma til finalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det vart delt ut ein ekstra pris i år - til Gunnar Bolstad. Kan du seia noko om kvifor han fekk den?

— For fyrste gong vart det delt ut ein ærespris. Det var fordi juryen meinte Gunnar har følgd opp lærlingar ved arbeidsplassen sin på særskilt flott vis, seier Husstad-Nedberg.

— Var Bolstad den einaste som fekk ekstra pris?

— Ja. Eg trur juryen fall veldig for Gunnars dedikasjon for å skulera unge elektrikarar, seier Husstad-Nedberg.

Lærerikt og gjevande

Gunnar Bolstad har vore i elektrikarbransjen i litt over 20 år. Den siste tida har han hatt eit ekstra ansvar for lærlingane.

— Nett no har eg fire lærlingar. Eg synest det er utruleg gjevande å jobba med dei. Eg lærer litt til dei, men dei lærer meg ein heil masse også. Hugs at ungdomen har ei mykje større forståing for data og slikt. Det er deira generasjon si greie. Dei tek dette mykje lettare enn sånne som meg som er over 50 år, humrar Bolstad.