- Gry vann fullt fortent
Gry var ein verdig vinnar. Ho var best totalt sett, seier Steffen Falck-Antonsen til Os og Fusaposten.
Det var dagen derpå på hotellet i Oslo tysdag morgon. Ein sliten, men glad Gry Skarstein svarar slik på spørsmål om Steffen var bitter på at han valde den lange sykkel-ruta i finalen.
- Du kan høyra med han sjølv:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Steffen her.
- Ja, er du bitter på valet av sykkelruta?
- Tanken har slått meg, hehe.
- Ja, det var nok eit dårleg val. Men eg ville ha Vicky i nettet og dermed gav eg ho sparkehjulet, som var den lettaste ruta. Dessverre undervurderte eg Gry sine ro-kunnskapar, humrar Steffen.
- Så du er imponert over Gry?
- Ja, er du gærn. Ho var best og vann fullt fortent, skryter Steffen til blyg latter frå hovudpersonen sjølv i bakgrunnen.
Blanda kjensler
Gry var sjølv overgjeven over alle dei positive kommentarane på finalefesten i går. Sjølv hadde ho nemleg litt blanda kjensler for det heile.
- Eg likte ikkje måten eg vann over Vicky (Victoria Birkeland) i nettet ved Nordkapp. Eg følte det urettvist at ho fekk panikk, medan eg fullførte konkurransen, seier Gry.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det der er berre tull. Gry vann ikkje eine og åleine for innsatsen i finalen. Ho vann fordi ho var best totalt sett på heile turen. Det sa eg til ho etter finalen, og eg gjentek det her og no, skyt Steffen inn.
Resten av deltakarane var av same oppfatning.
- Jaudå, det verka som om dei gledde seg med meg. Men fleire av dei vart overraska. Mange hadde nok trudd at det var Steffen som hadde vunne, ler Gry.
Skrik og gladgråt
Også på heimebane var det naturleg nok store reaksjonar. Heime i Skeisheia sat mor til ektemann Morten og passa dei tre borna Emma, Lilly og Malia. Etter programmet var det sjølvsagt telefonkontakt mellom Nore Neset og Oslo.
- Dei visste ikkje korleis det ville gå, og var sjølvsagt over seg av lukke då dei såg at eg vann. Emma hadde stått og skrike i sofaen då eg heiste flagget, fortel Gry.
- Dei gret, og eg gret. Det var ein følelsesladd telefonsamtale, seier 35-åringen.
- Korleis skal du feira med familien?
- Det har eg ikkje tenkt på, men noko artig må me nok finna på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Beheld bilen
- Og bilen. Toyota Rav 4-en?
- Me sel den andre og beheld den nye. Så vert det ein Mitsubitzi Outlander mindre i gata der me bur, ler ho.
- Ettersom det er ein hybrid-bil er den nye meir miljøvenleg. Det skadar jo ikkje, seier Gry.
- Du har vel fått nokre meldingar, gratulasjonar og telefonar det siste døgnet. Har du fått svara folk?
- Eg prøvde å sjå på det i natt, men gav opp. Eg får nytta høvet her i Os og Fusaposten til å seia at eg set pris på alle helsingar, og at eg skal prøva å svara folk i dagane som kjem, avsluttar 71 grader nord-vinnaren.