Ove Frotvedt, Henning Kongshavn Frønsdag, Helge Kårstad og Terje Søviknes foreslår å etablera treindustri i Lidl-lageret.
Ove Frotvedt, Henning Kongshavn Frønsdag, Helge Kårstad og Terje Søviknes foreslår å etablera treindustri i Lidl-lageret.

"Grøn fabrikk" i Lidl-lageret?

Tre som vert felte på Vestlandet vert transportert utanlands for foredling, før dei vert importerte til Noreg att. Politikarar og nærlingsliv ser løysinga på problemet i Lidl-lageret.

- Næringslivet i Noreg har sett seg blind på olja, og torer ikkje satsa på landbasert industri. I og med det "grøne skiftet" som alle snakkar om, vil dette endra seg, seier Helge Kårstad.

Kystskogbrukets mann snakkar engasjert i den lokale eigedomsutviklaren Ove Frotvedt sin bil. Frotvedt har ein idé til bruk av Lidl-lageret, og no har han fått med seg både partiet sitt (Frp), næringslivsaktørarar og fylkeskommunen på å testa ut ideen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utanfor Lidl-lageret møter Terje Søviknes oss i lag med ein spesialist på tre-arkitektur, Henning Frønsdal frå LINK Arkitektur.

- Ove Frotvedt i FanAgro har mast og mast om dette, og etter kvart har me skjønt at han har eit poeng, seier Søviknes.

Dei kjem rett frå eit møte med fylkeskommunen der dei har presentert planen. Der fekk ideen deira ei sjeldant positiv mottaking.

- Lidl-lageret passar betre til føremålet enn kva eg hadde trudd, sa Henning Kongshavn Frønsdal hos Link Arkitektur då han måndag var inne i bygget for fyrste gong.
- Lidl-lageret passar betre til føremålet enn kva eg hadde trudd, sa Henning Kongshavn Frønsdal hos Link Arkitektur då han måndag var inne i bygget for fyrste gong.

- De treng ikkje argumentera ein gong, dette må me berre få til, sa representanten frå fylkeskommunen. Fylkesmannens Landbruksavdeling og Innovasjon Norge deltok også på møtet. Midlar til eit forprosjekt er så godt som på bordet alt.

Ideen

Kort fortalt går forslaget ut på å etablera ei næringsklynge i Lidl-lageret der alt frå A til Å innan treindustri vert plassert. Inn kjem ein trailer med tre, ut kjem produkt som bio-diesel, massivtre og ferdige byggjekomponentar.

- Det er stor etterspurnad etter treprodukt på Vestlandet. Det tek til å gå opp for folk at alt du kan laga av olje, kan du også laga av tre. Det er eigentleg berre fantasien som set grenser, seier Frønsdal.

- Eg høyrde no om ei vindmølle der alt er bygt i massivtre. Etter å ha bygt det, oppdaga dei at dette materialet betre toler vibrasjonane enn materiala som vanlegvis vert brukt. Dermed kunne dei skru opp effekten, og tena pengar på det, seier Frønsdal.

Treindustri er også mykje meir miljøvenleg enn olja, sidan trevirke er ein fornybar ressurs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit anna døme Frønsdal nemner er henta frå finsk treforedlingsindustri. Der vert handleposar produsert med trevirke som råmateriale. Svenske Coop har forplokta seg til å kjøpa alle posana dei kan produsera.

Enkelte kallar det bioøkonomi - oljeøkonomiens etterfølgjar. Men det krev omstilling, entreprenørånd og folk som torer å satsa.

- Slik folk før levde av skogen, kjem det igjen ei tid der tømmer vert vår viktigaste råvare, seier Kårstad.

Etterspurnaden er der

- I tillegg har kundane våre byggjeprosjekt på gang i Bergen til ein verdi av 400-500 mill. kroner der massivtre er byggjematerialet, seier Frønsdal (Massivtre er harde tremateriale, mellom anna til erstatning for komponentar som vanlegvis er laga av betong).

- Kvifor føretrekk dei tre? Er det ikkje eit dyrare materiale?

- Det er konkurransedyktig på pris. Bruk av massivtre gjev til dømes rask byggjetid, noko som er svært viktig for byggherrar. Sjølve materialet er veldig sterkt, men samtidig lettare enn konstruksjonar i stål og betong. Dette gjev store innsparingar i grunnarbeidet. På toppen av det heile gjev det brukarane eit mykje betre innemiljø, forklarer sivilarkitekten.

- Til dømes har Studentsamskipnaden bestemt at alle deira nye bygg skal vera i massivtre. Men dette må dei importera frå utlandet. Årsaka er at me nesten ikkje har noko treforedlingsindustri lenger, seier Frønsdal.

- I staden skjer foredlinga i land som Austerrike. Gjennom prosessen skjer ein verdiauke på vel ti gonger av den opprinnelege råvara, seier Søviknes.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Den verdiskapninga må me jo få til Noreg! seier Frønsdal.

- Det er rein galskap. Me let utan vidare andre land ta fortenesta me sjølv burde hatt på trevirket, legg Kårstad til.

Eit unntak er sagbruket i Granvin, men kapasiteten der er sprengt. Det overskytande materialet vert altså eksportert.

- Men er ikkje årsaka til at dette blir eksportert at me har så høge produksjonskostnader her til lands og at det er mykje rimelegare andre stader?

- Tidlegare har det vore slik, men no er mykje av arbeidet uansett maskinelt. Kostnadene går mest til elektrisitet, og det har me god og rimeleg tilgang på i Noreg, seier Frønsdal.

- Dessutan har euroen forsterka seg kraftig mot den norske krona. Det gjer at konkurranseevna vår aukar i forhold til euro-landa, seier Søviknes.

Ber osingar ta kontakt

NHP Eiendom som eig LIDL-lageret er sjølvsagt positive til å få inn leigetakarar i bygget, og har signalisert at dei kan vera villige til å ta sin del av kostnaden med å tilpassa bygget til det tiltenkte føremålet.

- Eg kjem til å leggja fram planane for formannskapet neste veke, men reknar med at også Os kommune vil stå klare med sin skjerv.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kor mange arbeidsplassar kan dette skapa i Os?

- Så langt er me ikkje komne enno. Men det er i alle fall all grunn til å vera optimist på vegner av denne idéen, seier Terje Søviknes.

- Det er mange som snakkar om det "grøne skiftet", men me må gå frå ord til handling. Gjennom forprosjektet vonar me å finna fram til næringsaktørar som kan driva dette, samtidig som me undersøkjer alt frå marknadsforhold til byggtekniske forhold, seier Terje Søviknes.

Dei vonar at næringslivsaktørar og osingar med gode idear vil koma med innspel og idear til vidareutvikling av prosjektet i Lidl-lageret.