Grisa til vindauge på barneskule med jord
Igjen er det utført hærverk.
Politiet har fått opplysningar om at det nok ein gong er blitt utført hærverk på Halhjem barneskule.
– Denne gongen har vindauge blitt tilgrisa med jord og det er lagt igjen mykje søppel på staden. Politiet ønskjer tips dersom personar som oppheld seg i området observerer ein slik aktivitet. Det er kjedeleg for skulen og dei som ønskjer å nytta seg av leikeplassen og uteområdet til skulen på kveldstid at slike ting skjer, seier vakthavande ved lensmannskontoret.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet vil forsøkja å patruljera meir i området på kveldstid for å førebyggja ytterlegare skadeverk.
Rundt klokka 00:30 natt til laurdag fekk politiet melding om støy frå ein fest på Søfteland. Vedkomande som husa festen fekk beskjed om å halda ro resten av natta. Dette var etterfølgd, ifølgje vakthavande.