Grillavslutning og turmarsj på Søre Fusa
Søre Fusa Oppvekstsenter inviterte måndag heile bygda til turmarsj med grilling - og mange stilte opp.
Turmarsjen var også eit høve til å visa fram den nye skulehagen som no tek form, og alle kyllingane som nett har flytta inn i hønsehytta - 22 i talet.
Elevbidrag
Både hagen og hønsehytta har elevane bidrege til.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg synest det er viktig at elevane kan få litt læring utanom bøkene, seier Britt Bakke ved oppvekstsenteret.
I tillegg til kyllingane, finst også ulike grønsaker i den nye hagen, og skulen ynskjer å få i gang ei elevbedrift som skal selja egg og grønsaker.
Det var i hovudsak Britt og Maud Markhus sin idé, men dei fortel at dei har fått masse hjelp av både lærarar og elevar.
Nøgd rektor
Åtte år gamle Paul Gavin Hauge var ein av dei som stilte opp på turmarsjen. Han koste seg med kameratane i solsteiken. I kiosken kunne han og alle dei andre få kjøpt både pølse, brus, boller og kaker.
Rektor ved oppvekstsenteret, Britt-Mari Gjerde, stod ved målpasseringa for turmarsjen og delte ut turmerke til alle som deltok. Ho fortel at ho håpar at turmarsjen blir ein tradisjon.
- Turmarsjen er lagt opp som ein slags natursti. Me har laga tolv postar med spørsmål rundt om kring på Baldersheim, og dei som får flest riktige, får ei stor korg med masse god mat, fortalde Britt-Mari.
Ho kunne også fortelja at dei er blitt del av Den naturlege skulesekken, og at dei gjennom dette har fått tilskot til arbeidet med den såkalla Losjehagen.