Elisabeth Bolstad er ikkje ei dame som vil klaga i utide, men meiner ho må seia frå om korleis det er.
Elisabeth Bolstad er ikkje ei dame som vil klaga i utide, men meiner ho må seia frå om korleis det er.

- Grensa i ferd me å bli nådd

Dei som bur på Eikhovdaheimen skal i det store og heile greia seg sjølve. No meiner somme at grensa er i ferd med å nærma seg.

Eikhovdaheimen har 14 omsorgsbustader i bufellesskap. Det er personale frå heimetenesta innom mellom 08.30 og 14.30. Mellom 16.00 og 21.00 er heimetenesta innom for å yta hjelp til dei som har trong for det. Det er også sporadisk tilsyn på natta og dei fleste av dei eldre har tryggleiksalarm.

Elisabeth Bolstad er ein av dei som bur på heimen som meiner dette ikkje er godt nok.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg meiner det tilsynet me har er heilt i grenseland. Mellom 14.30 og 16.00 har me hatt branntilløp, akkurat i det tidsrommet det ikkje er folk her.

Bolstad er ikkje ei dame som vil klaga i utide, men meiner ho må seia frå om korleis det er.

- Ideelt sett burde det vore folk på huset heile tida, men eg er jo klar over at dette er eit spørsmål om ressursar. Dei tilsette i heimetenesta gjer så godt dei kan, men det er ikkje nok tid, meiner Bolstad.

Overletne til seg sjølve

Manglande flaggheising og fråveret av eit fungerande kjøken i fellesarealet er andre ting som Bolstad meiner skulle vore gjort noko med. Det går ikkje an å laga middag, og ein lekkasje er enno ikkje utbetra. Ein person avisa har snakka med meiner at kjøkenet er så dårleg at Mattilsynet hadde måtta koma til å stengja det på flekken.

Juletreet utanfor er det Fusa Lions Club som har drege til tuns. Plasttreet i fellesarealet er kjøpt for pengar som er blitt testamentert til Eikhovdaheimen.

- Det er ikkje fritt for at me kjenner oss litt overlatne til oss sjølve, seier Bolstad.

Sårbar situasjon

Fusa frivilligsentral har eit fritidstilbod til bebuarane. Leiar Bodil Samnøy vil ikkje kommentera Bolstad sine synspunkt, men fortel at det er fleire som er uroa over ståa.

- Tilbodet me har til dei eldre er ikkje - og kan heller ikkje vera - anna enn eit supplement av tilbodet. Det er ikkje fast personale her på Eikhovdaheimen, og då er ein sårbar om det skulle henda noko, avsluttar Samnøy.