Hans S. Vindenes har vore ordførar i Fusa i 12 år. Torsdag leidde han sitt siste kommunestyremøte. Om ei knapp veke tek sidemann, Atle Kvåle (Ap), over stafettpinna.
Hans S. Vindenes har vore ordførar i Fusa i 12 år. Torsdag leidde han sitt siste kommunestyremøte. Om ei knapp veke tek sidemann, Atle Kvåle (Ap), over stafettpinna.

Godkjende arealplan: - Burde sendt innbyggjarane på opplæring

- Innbyggjarane har oppført seg som om vi ikkje har eit planprogram å forholda oss til, sa ordførar Hans S. Vindenes (Sp) då han i sitt siste møte som ordførar var med på å banka gjennom den viktigaste saka på fire år.

Vindenes har vore ordførar i 12 år. I det aller siste møtet hans, vart kommuneplanens arealdel - ein plan det har vore arbeidd med sidan 2012 - endeleg godkjent.

Eigengodkjenninga gjekk ikkje knirkefritt. For det første var det åtte av 21 kommunestyrerepresentantar som moglegvis var ugilde i deler av saka. Dermed måtte kommunestyret og ei røys med vararepresentantar ta stilling til det, før ein i det heile teke kom i gang med handsaminga av planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det fleire som har noko å fortelja, sa varordførar Atle Kvåle (Ap) før diskusjonen kring sjølve planverket kunne starta.

Fleire kommunestyrerepresentantar hadde innspel til korleis delar av planen kunne vore løyst annleis.

- Då vi starta i 2012, trudde vi at vi hadde god tid. Men så slutta alle som arbeidde med arealplanen, éin etter éin. Eit heilt nytt mannskap måtte losa oss gjennom arbeidet, og det er ikkje berre, berre, sa Vindenes og gav honnør til arealplanleggjar Helle Holte Bruland og plansjef Jan Egil Leirstein for jobben dei har gjort.

Fem vararepresentantar var kalla inn då arealplanen skulle handsamast. Herborg Nordtveit (t. v.) steppa inn for Øyvind Nordbø, Haldor Tuft og Hans S. Vindenes, alle Sp, då eventuell ugildskap skulle diskuterast. Sp-politikaren fekk tilbod om å ta plass i ordførarstolen, men sette seg ved sidan av Marianne Borge (Sp) i staden.
Fem vararepresentantar var kalla inn då arealplanen skulle handsamast. Herborg Nordtveit (t. v.) steppa inn for Øyvind Nordbø, Haldor Tuft og Hans S. Vindenes, alle Sp, då eventuell ugildskap skulle diskuterast. Sp-politikaren fekk tilbod om å ta plass i ordførarstolen, men sette seg ved sidan av Marianne Borge (Sp) i staden.
Meir enn havparten av kommunestyrerepresentantane takka for seg i Fusa-politikken torsdag. Hans Ekeberg (Ap) og Mikal Leigland (Sp) er blant dei som held fram arbeidet.
Meir enn havparten av kommunestyrerepresentantane takka for seg i Fusa-politikken torsdag. Hans Ekeberg (Ap) og Mikal Leigland (Sp) er blant dei som held fram arbeidet.

Leiar for Utval for plan og miljø, Anne Martinsen, fekk også ros for å ha teke ansvar då Fusa kommune mangla folk på kontora.

- Vi hadde ikkje hatt ein plan å eigengodkjenna i dag, dersom Martinsen ikkje hadde gjort den jobben ho gjorde, understreka Vindenes.

Ikkje heilt logisk

Vindenes peika på at dersom ein hadde hatt betre tid, så ville ein gjort fleire ting annleis.

- Det er nokre ting som ikkje er heilt logiske, sa han og bad kommunestyret om å vurdera å ta ut eit næringsområde på Bergegrend.

- Er det rett at vi skal ha eit næringsområde midt mellom ei badefjære og eit bustadområde? Bør ikkje næringsområda heller vera plasserte der det er næring? spurte han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren meinte òg at planen var litt for grunneigarstyrt.

- Då arbeidet starta, var politikarane på opplæring. Kanskje burde innbyggjarane ha vore på opplæring også. Innbyggjarane har oppført seg som om vi ikkje har eit planprogram å forholda oss til, sa Vindenes.

Han spurte administrasjonen om det var mogleg å fjerna næringsområdet på Bergegrend utan at det fekk konsekvensar for eigengodkjenninga.

- Endrar ein planføremålet, utløyser det ei ny høyring, var svaret frå Bruland.

- Vi tek jo ut to hyttefelt. Må planen ut på høyring av den grunn? Kva er skilnaden? spurte Vindenes.

- Skilnaden er at motsegna frå Fylkesmannen er knytt til dei to hyttefelta. Fylkesmannen trekkjer motsegna si av di vi tek ut felta, forklarte Bruland.

95 prosent riktig godt

Vindenes var ikkje den einaste som ønskte å gjera endringar i siste time. Aud-May Boge (H) føreslo å ta ut eit område sett av til fritidsbustader på Bogøy, til fordel for fleire bustader i området.

- Hovudføremålet med planen har vore utviding av bustadområde. Diverre har vi ikkje lukkast heilt. På Bogøy til dømes er det berre teke med ti nye bustader i planen, medan det i førre planperiode vart bygt 18 bustader på staden, påpeika Boge.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Fusa Høgre meiner det er heilt feil å setja av 30 mål til fritidsbustader på Bogøy, og ønskjer difor å ta ut igjen det området. Ei slik løysing kan dessutan gje større moglegheiter for fleire bustader på sikt, la Boge til.

Anne Martinsen (KrF) minna om at eit samrøystes planutval gjekk inn for å eigengodkjenna planen for 14 dagar sidan. Ho minna òg om at meir enn tre års arbeid og ei lang rekkje møte ligg bak det dokumentet som no er i ferd med å ferdigstillast.

- Eg vil rå til at de aksepterer det som ligg i bordet no. Planen er i utgangspunktet laga for ein tiårsperiode, og kan rullerast. Er det for få hus, må vi få opp farten, sa Martinsen.

KrF-politikaren meinte det var vel dristig å føreslå endringar her og no.

- Vi må våga å seia at arbeidet er 99 prosent greitt, og til og med 95 prosent riktig godt. På nokre område er det naturleg at vi gjer endringar ganske fort, men folkens, vi har fått ok frå Fylkesmannen, så lat oss lytta til det, og ikkje vera så dristige at vi tek ein omkamp på grunn av små detaljar, sa Martinsen.

Skal rullerast på ny

Martinsen fekk støtta frå Magne Djuvik (Frp).

- Planen har sikkert sine feil og manglar. Desse må rettast opp i ei rullering som må finna stad rimeleg kjapt. Men vi må banka gjennom dette no, slik at dei som har fått ja på sine prosjekt kan gå i gang med arbeidet, sa Frp-politikaren.

Steinar Skår (H) understreka at det må vera lov å diskutera detaljane i planen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ingen grunn til å koma med kritikk av dei som reiser spørsmål ved ein så omfattande plan, sa Skår.

Roger Hoel (Frp) har sete i planutvalet i lag med Martinsen dei fire siste åra. Han fortalde at han har fått meir og meir respekt for utvalsleiaren for kvart møte som har gått.

Hoel meinte òg at delar av planen må rullerast raskt, og la fram følgjande forslag til framlegg: Kommuneplanens arealdel skal rullerast på ny, og takast med i planstrategien for neste kommunestyreperiode 2015-2019.

Ordlyden i framlegget var opphavleg "kommuneplanens arealdel for bustader, hytter og naust", men då Hoel kvitta seg med dei tre orda, fekk han resten av kommunestyret med på laget. Vindenes og Boge la til sides sine forslag, og arealplanen vart samrøystyes vedteken.