God handvask gav god avkastning
God hygiene og fokus på handvask kan løna seg. Torsdag fekk Skorvatjørno FUS barnehage 5.000 kroner.
- Me har lært å bli gode på å vaska hendene. Og me har til og med lært mammaene og pappaene våre, seier Louise, Tuva og Tora Helen.
Handvaske-song
I strålande solskin tok nøgde barnehageborn og tilsette i barnehagen på Nore Neset imot diplom og ein sjekk på 5.000 kroner for godt arbeid med å vaska og stella hendene. Gåva vart overrekt av Vivian Sandvik og Haldis Lillefosse frå Etat for helsetjenester i Bergen kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ifølgje dei som jobbar her har de vore veldig flinke til å vaska hendene. I tillegg har de visst lært ein song, undra Sandvik frå Bergen kommune.
- Jaudå, dei kan songen, kvitterte pedagogisk leiar i barnehagen, Kjersti Strønen.
Deretter song dei nær 50 barnehageborna «Vaske alle fingre. 1-2-3-4-5. Mellomrom og håndflate, og fingre om igjen» på «Lisa gikk til skolen»-melodien.
Teikna bakteriar
Totalt 58 barnehagar i Bergen og omeign var med på Bergen kommune sitt «Rein hånd»-prosjekt denne hausten. Skorvatjørno FUS barnehage var ein av tre som fekk sjekk for god innsats.
- Det er tredje året me har dette prosjektet. Effekten er veldig god. Me ser at det jamt over vert meir fokus på reinhald og det og beskytta seg mot bakteriar i barnehagane, seier Vivian Sandvik.
I barnehagen på Nore Neset har dei lært litt om kva bakteriar eigentleg er.
- Dei har forstått at det er noko som ikkje er bra å ha med seg på hendene. I samband med prosjektet fekk borna i oppgåve og teikna bakteriar og å svara på spørsmål om handvask og kvardagsleg hygiene, fortel Kjersti Strønen.
For at det er lurt å vera flink til å vaska hendene, er det liten tvil om.
Artikkelen held fram under annonsen.
- I samband med det store Giardia-utbrotet i Bergen i 2004 var det veldig fokus på det å vaska hendene. I ettertid viser tal frå Folkehelseinstituttet at det på denne tida aldri har vore så få sjuke bergensarar, fortel Haldis Lillefosse.
- Folk er klar over det, men treng berre stadige påminningar, legg Vivian Sandvik til.
Skal bruka tid
Etter at Sandvik og Lillefosse hadde overrekt sjekken fekk dei tilsette i barnehagen spørsmål om kva dei skulle bruka pengane på.
- Du, det har me rett og slett ikkje bestemt oss for enno. Me fekk melding om premien i går, så det har gått rimeleg kjapt, seier Strønen.
Ho og kollegaen var etterpå samde om at dei skulle bruka litt tid på å finna på noko morosamt som alle dei flinke handvaskar-borna kan få vera med på.