TAF-Helse ved Fusa vidaregåande skule er blant dei mest populære skuletilboda i våre to kommunar. (Arkivfoto)
TAF-Helse ved Fusa vidaregåande skule er blant dei mest populære skuletilboda i våre to kommunar. (Arkivfoto)

Glede over gode søkjartal

Rektor ved Fusa vidaregåande skule, Tor Johannes Hjertnes, gler seg over 39 fleire søkjarar enn i fjor.

Medan Os gymnas får ein liten oppgang frå 245 søkjarar til 251, eller om lag 2,5 prosent, opplever naboen Os vidaregåande skule ein betydeleg framgang frå 540 til 614 søkjarar. 74 fleire søkjarar utgjer nesten 14 prosent.

Prosentvis er det likevel Fusa vidaregåande skule som aukar aller mest i våre to kommunar. Der går søkjartalet frå 216 til 255 elevar. 39 fleire søkjarar utgjer om lag 18 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesielt TAF-tilboda og naturbruk kjem godt ut. Ved helse- og oppvekstfag er det framleis ledige plassar på vg2.

TIP-faga

- Vi gler oss stort over dei gode søkjartala. Det er òg positivt at vi ikkje ser stor nedgang i søknad til TIP (mekaniske fag), slik tendensen er elles i fylket, seier ein blid rektor, Tor Johannes Hjertnes.

- Korleis forklarer du veksten?

- Eg trur nok endringar i arbeidsmarknaden og mange avgangselevar på Fusa ungdomsskule kan vera noko av forklaringa. Samstundes har vi søkjarar frå eit stort geografisk område til nokre av tilboda våre.

Mangel på læreplassar?

Dei gode søkjartala fører også til nokre utfordringar. Det populære TAF-tilbodet gjer det til ei utfordring å få nok læreplassar.

- Men hittil har næringslivet vore flinke til å stilla opp, og vi håpar at vi også i år skal få på plass mange TAF-plassar, seier Hjertnes.

Rektor opplyser at skulen også arbeider med å sjå på klassar for neste år, og kva dei har kapasitet til. Førebels ser det ut til at det i alle fall vert fleire klassar på naturbruk/akvakultur.