Glatte vegar til Os
Osingar som skal heim i ettermiddag kan gjera lurt i å unnga Valleheiane. Nett no er det full trafikkork.
- Det er lang kø på bysida nett no. Årsaka er ein trailer som står fast i bakken ved den krappe svingen etter avkøyringa til Elveneset, fortel operasjonsleiar ved Hordaland Vest politidistrikt, Kjersti Eidsnes.
Glatt føre
Politiet fekk melding om fastkøyringa like før klokka 12. Då «Os og Fusaposten» prata med operasjonsleiaren kunne ho fortelja om lange køar som følgje av traileren.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Me har politifolk på vei til staden. Dei måtte nytta sirener for å koma forbi køen som stod heilt ned til rundkøyringa på Midtun, fortel Eidsnes.
Ho er redd trafikk-problema kan bli vedvarande utover ettermiddagen.
- Det snør mykje og er glatt på staden, så me utelukkar ikkje at fleire tungtransportbilar eller andre køyrety får problem med å koma seg opp, men om ei lita stund skal Vegvesenet vera der med strøbilen sin, så me håpar at den jobben dei gjer vil letta situasjonen, seier operasjonsleiaren.
Greit over Fanafjellet
Underteikna køyrde over Fanafjellet i 12-tida i ettermiddag. Då var vegen fint brøyta og ingen problem å ta seg fram på.
- Folk som skal heim frå jobb kan vurdera å ta andre veger enn over Valle. Det er der det som oftast står. Skal ein frå bysida til Os, kan eit alternativ også vera å køyra til Fana kirke og køyra inn til Kaland den vegen, foreslår Eidsnes.