Friskular med internat, som Kongshaug, stod i yttarste konsekvens i fare for å måtta leggja ned etter Skatteetatens endring av praksis for kompensasjon av meirverdiavgift. (Arkivfoto)
Friskular med internat, som Kongshaug, stod i yttarste konsekvens i fare for å måtta leggja ned etter Skatteetatens endring av praksis for kompensasjon av meirverdiavgift. (Arkivfoto)

Gladmelding til Kongshaug

Musikkgymnaset risikerte moms-smell på åtte millionar kroner. No er saka løyst.

KrF har i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett på Stortinget fått gjennomslag for at friskular med internat skal bli kompensert for det dei har tapt i moms-kompensasjon.

Les også:Kan få ekstrarekning

Artikkelen held fram under annonsen.

Fare for nedlegging

Friskular med internat, som Kongshaug, stod i yttarste konsekvens i fare for å måtta leggja ned etter Skatteetatens endring av praksis for kompensasjon av meirverdiavgift. Endringa innebar at skulane måtte betala tilbake moms-kompensasjon for opp mot 10 år.

For Kongshaug Musikkgymnas var kravet på ca 6-8 millionar i dei 10 åra dette kunne ha blitt gjeldande for.

KrF har no i forhandlingane med regjeringa og Venstre fått gjennomslag for at tapet som friskulane med internat har fått på grunn av denne omlegginga, skal kompenserast. Kompensasjonen skal også gjelda for dei krav som måtte framsetjast frå Skatteetaten fram til nytt regelverk er kome på plass. Det er ein føresetnad at nytt regelverk er på plass og vert gjort gjeldande frå 1. januar 2017.

Viktig supplement

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF) som nyleg var på besøk i Fusa, er glad for at denne saka no er løyst.

- Denne endringa kom svært overraskande på mange. Frå det vart kjent, har Hans Olav Syvertsen (KrF), leiar i finanskomiteen på Stortinget, jobba iherdig med denne saka, seier Byrknes og held fram:

- Friskular utgjer ein viktig del av det samla skuletilbodet, og er eit godt supplement til den offentlege skulen. Og Kongshaug er jo ein skule med veldig godt omdøme.

Ho understrekar at ein ikkje kan ha det slik at ein kjem med nye tolkingar av eit regelverk frå 2005 "over natta".

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me kan ikkje ha eit lovverk som er så uføreseieleg.