Det har vore fest i senteret før. Her er Maya Emilie Bugge Furubotn (t. v.) og Mathilde Nonås i lag med Fjord'n senter si eigen maskot, Løven.
Det har vore fest i senteret før. Her er Maya Emilie Bugge Furubotn (t. v.) og Mathilde Nonås i lag med Fjord'n senter si eigen maskot, Løven.

Gjer stas på nye innbyggjarar

Laurdag er det Tid for fest i Fjord'n senter i Eikelands- osen. Då får alle nye fusingar litt ekstra merksemd.

- Tanken er at vi skal gjera litt ekstra stas på nye tilflyttarar og på nye babyar. Vi ønskjer å visa at alle er velkomne her, både i senteret og i kommunen, seier senterleiar, Vigdis Øvreeide.

Nye innbyggjarar er viktige for kommunen i sin heilskap, difor skal ordførar Atle Kvåle halda tale.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då vi planla årets "Tid for fest"-arrangement, funderte vi litt ekstra på kva vi ønskjer å feira i år. Vi konkluderte med at det var dei nye innbyggjarane våre, seier Øvreeide og legg til:

- Om ideen fungerer fint i år, kan det godt vera at vi bestemmer oss for å feira nye Fusa-borgarar kvart år. Fjord'n senter er ein viktig møtestad for folk i Fusa. Det ønskjer vi å visa dei nye innbyggjarane våre.

Babysong og mote

"Tid for fest" har vore tradisjon i senteret dei siste åra. I tillegg til at ferske fusingar får fokus, står mykje anna moro på programmet. Natasja Smørholm og Idar Rolland skal underhalda med musikkinnslag. Det vert også ein introduksjon av fritids- og integreringsgruppa i Fusa.

Fjord'n barnekor opptrer på eit tidlegare Tid for fest-arrangement.
Fjord'n barnekor opptrer på eit tidlegare Tid for fest-arrangement.

- Dei skal fortelja om arbeidet dei gjer, seier senterleiaren.

Elles vert det moteshow, babysong, ballongslepp, andletsmåling og sjølvsagt også besøk av senteret sin eigen maskot, Løven.

- Vi skal òg feira at Spar Eikelandsosen fyller ti år med kaffi og kake, seier Øvreeide.

Senterleiaren håper at mange tek turen innom Fjord'n senter laurdag.

- Vi synest det er gøy å laga til slike arrangement. Om mange tek turen, er det verdt all planlegginga. Vi set stor pris på alle som bruker senteret og ønskjer alle velkommen til "Tid for fest", avsluttar Øvreeide.