Det bugnar av varer i butikken, men ting vert ikkje ståande lenge.
Det bugnar av varer i butikken, men ting vert ikkje ståande lenge.

Gjenbruken feirar fem år

I haust er det fem år sidan Gjenbruksbutikken i Irisgården opna. Mange er medvitne om at bruk og kast-haldninga må reduserast og butikken får stadig nye kundar.

I ein radioreportasje i desember i fjor synte det seg at svært mange av dei som vart spurde, hadde handla i ein gjenbrukbutikk. Fleire svara òg positivt på at dei kunne tenkja seg både å gje og å ta imot gåver som hadde vore brukt før.

Mange faste kundar

NMS Gjenbruk i Os har same erfaringa. Mange er medvitne om at bruk og kast-haldninga må reduserast. Butikken får stadig nye kundar, og mange gir uttrykk for at varer dei kjøper, er meint som gåver. Etter kvart er det blitt mange faste kundar som jamleg tek turen innom for å sjå om dei kan finna ein "skatt".

Artikkelen held fram under annonsen.

Ihuga medlemer av NMS (Det Norske Misjonsselskap) hadde arbeidd lenge for å få opna ein butikk i bygda. 10.september 2011 var det opning der ordførar Terje Søviknes klypte over den raude snora. Allereie på opningsdagen strøymde kundane til butikken, og kvar dag sidan, har kundar frå Os, nabokommunar og reisande gjennom bygda funne vegen til butikken.

Varer strøymer inn

Varer av alle slag strøymer nesten dagleg inn. Ikkje minst på laurdagar. Det er nok ryddedag hos mange. Vareutvalet varierer frå veke til veke og spreiinga er stor: Frå krystallkaraflar til kattesele, frå empirestolar til kaffitraktarar og frå vinylplater til middagsservise.

Nokre varer er plasserte på faste stader i butikken. Vi finn t.d. Barnekroken, Tekstilbua, Bokbua, Kjøkenkroken, Lampehyllene og Biletveggen. Og lyshylla, der "gjenbrukslys" er plasserte. Lysa er handstøypte på Knausen støyperi av lysestumpar som vert samla inn i alle gjenbruksbutikkane.

Nicolai Lunde og Per Fimreite er blant sjåførane som er ute og hentar varar. - Det er ein gledens jobb, me møter så mange hyggjelege og gavmilde folk, at det er berre ein fryd, seier dei to. (Arkivfoto)
Nicolai Lunde og Per Fimreite er blant sjåførane som er ute og hentar varar. - Det er ein gledens jobb, me møter så mange hyggjelege og gavmilde folk, at det er berre ein fryd, seier dei to. (Arkivfoto)
Leif Fjellvang har vore med sidan NMS Gjenbruk starta opp, og kan fortelja om eit flott kollektiv med nær 50 frivillige. (Arkivfoto)
Leif Fjellvang har vore med sidan NMS Gjenbruk starta opp, og kan fortelja om eit flott kollektiv med nær 50 frivillige. (Arkivfoto)

Ei transportgruppe hentar og bringer ut møblar, ei anna gruppe tek seg av prising før varene vert sette ut for sal. Prislister og internett vert teke i bruk for å finna rett pris. Alle dei rundt 50 som arbeider i butikken gjer det som frivillige. Den største gruppa er dei som kundane møter i butikken.

Ein møteplass

NMS har no 49 gjenbruksbutikkar spreidd over heile landet. Felles kjerneverdiar for alle desse er miljø, møteplass og misjon.

Verksemda i Os er ei miljøbedrift der varer som den eine ikkje har bruk for lenger, vert til glede for ein annan. Verksemda er òg ein møteplass - mellom dei som arbeider der og mellom dei frivillige og kundar. At over 20 medarbeidarar som var med ved start, framleis er aktive, seier jo sitt om trivsel hos dei frivillige. Og det er mange trivelege pratestunder både rundt kaffibordet, som alltid er dekka, og ved kassedisken.

Pengane frå salet går direkte til misjon. Utanom husleige er det låge driftskostnader.

Stadig i utvikling

Butikkdrifta gjennom dei fem åra har vore stabil og god. Samstundes freistar leiinga stadig å utvikla butikken og gjera han betre kjend. Kan det gjerast endå meir for å utvikla gjenbrukstanken t.d. gjennom fokus på re-design?

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei siste åra har tilbod om sekker med ved, vore populært. Takk vere ei lokal bedrift, kan vi selja fint, tørt trevirke som er restar frå produksjonen deira. Andre verksemder har latt butikken overta restlager av varer som elles hadde blitt kasta.

Snart forsvinn FM-nettet for norske radiolyttarar. Mange radioar kan ikkje nyttast lenger. Men desse kan bli til glede for andre. Gjenbruksbutikkar over heile landet samlar frå no av inn radioar for å senda dei til Kamerun. Dette gjeld òg butikken her i Os.

Verdt å feira

Søndag vert det feiring av jubileet. Dette vert markert i gudstenesta i Os kyrkje og på kyrkjekaffien etterpå. Om kvelden vert det stor fest for noverande og tidlegare medarbeidarar samt innbedne samarbeidspartnarar.

Fem år med glad innsats for miljø, møteplass og misjon er vel verd å feira!

Lill-Karin Wallem

NMS Gjenbruk