Gjelda i Os er tredobla på ti år
Så lenge folketalet veks kraftig, vil den gallopperande gjeldsveksten i Os ingen ende ta. - Me nærmar oss grensa for kva me kan bera, seier rådmann Knut Terje Rekve.
Øystein Lid
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Ifølgje ferske tal frå økonomiavdelinga i Os kommune, er gjelda vår no på 1,57 milliardar kroner. Det tyder at kvar osing skuldar 80.630 kroner kvar. Og rundt 62 prosent av gjelda (ca. 1 mrd.) er utsett for rentesvingingar (sjå faktasak under).
- Nærmar oss tolegrensa
- Mitt syn er at me nærmar oss grensa for kva me kan bera. No må me vera veldig forsiktige. Lånegjelda er finansiert av at me har effektivisert voldsomt i kommunen. Me driv Os kommune omtrent billigast i landet. Når folketalet veks, vil det krevja auka ressursar til tenestene. Difor kan me nok ikkje halda fram i same takten som no, seier rådmann Knut Terje Rekve.
- Så lenge folketalet veks, vil vel gjelda berre auka og auka?
- Ja. Noko av problemet er at gjelda har vakse prosentvis meir enn folkeveksten. Dei skulle heller ha vore i takt med kvarandre. No er det rundt 48 mill. kroner årleg me betaler i avdrag, og dette talet vil auka framover. Politikarane vil ha meir til drift, men me kan ikkje få stadig høgare gjeld og samtidig ei dyrare og dyrare drift. Å få i pose og sekk går ikkje, seier Rekve.
Trur ikkje på å avgrensa folkeveksten
Rundt ein milliard av gjelda er utsett for rentesvingingar. Skulle renta stiga, vil det bety endå trongare drift for kommunen. Men heldigvis er det lite som per i dag tyder på at renta går opp. Snarare tvert imot. Likevel - gjeldsveksten må snu ein dag.
- Dersom folkeveksten gjev stadig nye investeringar - er det eit argument for at folkeveksten på eit eller anna tidspunkt må avgrensast i Os for i det heile tatt å kunna bera gjeldsbyrden?
- Nei. Ulike typar folkevekst belastar dei kommunale budsjetta ulikt. Noko av dilemmaet med kommunar rundt Bergen er at dei får vekst som ikkje er planlagt. Slik vekst krev infrastruktur på område der du ikkje har det. Men planlagt vekst er noko anna. I store utbyggingsområde - som til dømes Bjånes - kan ein gjennom utbyggingsavtalar sikra at utbyggjarane tek sin del av kostnaden for den naudsynte infrastrukturen i området, seier Rekve.
Heller ikkje økonomisjefen i kommunen, Ingrid Karin Kaalaas, trur at å bremsa folkeveksten må til for å få kontroll på gjelda.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er snarare tvert i mot. Det er meir slik at den høge folkeveksten forklarer og til dels forsvarer å ha eit høgt gjeldsnivå. For når du har eit aukande innbyggjartal har du også fleire skattepliktige innbyggjarar å dela på. Du får også høgare tilskot frå staten.
Skal gjelda aldri minka?
- Finst det ei tid der framme der gjelda skal ta til og minka?
- Dersom det blir slik at låneopptaket vårt blir lågare enn det kommunen betalar i avdrag, vil lånegjelda sjølvsagt minka. Det er ganske stort gap mellom kommunen sine årlege låneopptak siste åra og det vi betalar i avdrag pr. år. Det blir vanskeleg å koma ned på eit låneopptak på nivå med årlege avdrag, men ein må søkja å redusera den delen av låneopptaket som ikkje vert finansiert via gebyr eller rentekompensasjonsordningar. Ein kan og ha meir fokus på bruk av eigenkapital som finansieringskjelde, seier Kaalaas.
- Korleis ser då den tida ut der lånegjelda skal minka og minka år for år? Er det ei tid med færre investeringar eller mindre folkevekst?
- Vanskeleg spørsmål. Eg ser ikkje noko grunnlag for redusert folkevekst. Det er populært å bu her, og det vil berre tilta når me får ein ny og betre veg om nokre år. Skal lånegjelda vår gå ned må det vera fordi nokre av dei store investeringane som ligg framføre oss no, i skulesektoren og i helsesektoren, er overstått. Og at me får ein periode med litt roligare utbyggingstakt på nokre område, seier Kaalaas.
Finst ikkje noko tak
- I privatøkonomien finst det jo tydelege avgrensingar for kor mykje ein kan forgjelda seg. Finst det ikkje slike avgrensingar for kommunane?
- Nei, det er ingen avgrensingar så lenge ein kommune greier å betala forpliktelsane sine. Dersom ein kommunen over tid går med underskot, og ikkje klarer å gjera opp for seg, kjem me inn på den såkalte ROBEK-lista. Då kan fylkesmannen gå inn og setja avgrensingar for låneopptaket, seier Kaalaas.
Formannskapet i Os har bestilt ei oppsummering av gjeldssituasjonen i kommunen. Komande onsdag skal saka behandlast.
Os kommune si langsiktige lånegjeld per 30.06.2015 er kr 1.569.298.947, mot kr 1.391.426.521 pr. 31.12.2014.
Av dette er kr 105.539.137 formidlingslån (startlån) frå Husbanken, medan kr 311.043.307 kan tilskrivast vass- og kloakkområdet (avgiftsfinansiert).
Kr 99.655.000 av låna blir rentekompensert frå staten - dette talet vil auka med kr 41.882.000 i løpet av 2015 då den nyaste ordninga med rentekompensasjon for skuleanlegg slår inn.
Risiko ved renteauke
Dette inneber at for om lag ein tredjedel av lånegjelda til kommunen vert renteutgiftene refundert av andre (per 31.12.2014: 37 prosent), medan kommunen sjølv er ansvarleg for renteutgiftene knytt til resten av lånegjelda. I offentleg statistikk vert dette gjerne omtalt som renteeksponert gjeld. Det seier noko om kva risiko kommunen har, i tilfelle renta skulle stiga. Den renteeksponerte gjelda utgjer 73 prosent av brutto driftsinntekter, medan snittet på landsbasis er på 36 prosent, ifølgje Kommunal Rapport. Gjelda er altså høg i Os samanlikna med andre kommunar.
Av lånegjelda har om lag 47 prosent rentebinding ut over 1 år medan 53 prosent har flytande vilkår eller rentebinding mindre enn 1 år (renteswap'en byter flytande rente til fast). Obligasjonslån med bindingstid 1-5 år vart inngått før nytt finansreglement og ligg no over rammene i kommunens reglement. Obligasjonslån er fastrentelån som vert teke opp i finansmarknaden i staden for direkte i ein bank. Vekta gjennomsnittsrente for heile låneporteføljen til Os kommune per 30.06.2015 er 2,27 prosent.
Kommunens tomter
Ein del av bestillinga frå formannskapet var også å sjå på kor mange eigedomar kommunen eig. Den reelle gjeldssituasjonen ser lysare ut dersom ein reknar med kva kommunen kan tena på å selja eigedommar. Til saman eig Os kommune 375 eigedomar. Dei fleste tomtene er i kommunal bruk. Dei tomtene som er mest aktuelle for sal er følgjande:
Hotelltomta ved Oseana
Mobergslia
Askviknes
Os Sentrum vest (gamle Os barnehage, Fjellheim, Likbrekka, gamle brannstasjonen, terminaltomta)
Landboden
Kuhnle vest
Røde kors tomta ved Minneparken
Gamle Søfteland barnehage