I kveld gjekk vekesfinalen i Kakekrigen. Programmet på FEM er nett ferdig, og Solveig Gangstø frå Samnøy og Fusa vann og er klar for semifinalen!

Gjekk vidare til semifinalen

Solveig Gangstø sine kaker fall så til de grader i smak. No er ho vidare til semifinalen i Kakekrigen.

I kveld gjekk vekesfinalen i Kakekrigen. Programmet på FEM er nett ferdig, og Solveig Gangstø frå Samnøy og Fusa vann og er klar for semifinalen!

Dagens oppgåve var å laga ein tre-lags kakebotn og to typar fyll "som passar til et romantisk hageselskap".

Artikkelen held fram under annonsen.

I løpet av 90 nervepirrande minutt fekk vi sjå korleis dei fire attverande deltakarane løyste oppgåva. Og best av alle, gjorde altså Solveig det. No vert ho å sjå på skjermen også neste veke.